202 ÅR ETTER EIDSVOLL

202 ÅR ETTER EIDSVOLL

Fredag, 24 November 2023

"Kva hadde me vore utan fridom..?"

Dette var flotte ord fra 17.mai-talen til Svein Arne Skuggen Hoff  i Årdalshallen etter folketoget i Øvre Årdal.Vidare sa han Grunnlovsdagen ikkje berre var for barna.Det er like viktig at me vaksne må bry oss om 17. mai. Fordi dette får følgjer for dei generasjonane som kjem etter oss...  

Også russetalane til både raud- og svartrussen inneheldt rørande ord.Kva hadde vel 17. mai feiringar vore utan korpsmusikk i gatene? Endre K. Straumsheim la også i sin tale vekt på "muren" mellom Øvre og Tangen. - Det er berre dei vaksne som lagar denne muren, medan me unge ikkje tenker på den i det heile tatt. Me er alle Årdøler - sa han. - Det er viktig for alle, spesielt dei som driv butikkar, at me benytter oss av alle tilbuda me har i heile Årdal...  

Det var mange, mange Årdøler som gjekk i toget og benytta seg av tilbudet i Årdalshallen etterpå. Der blei det servert både god mat og drikke, og flott sang og musikk. Under korpset sitt innslag fekk mellom anna Aleksander Kinserdal, ein av våre yngste musikanter i korpset, ståande applaus for soloframføringen av "Erinnerung an Zirkus Renz" på Xylofon. Aleksander blir til dagleg undervist av vår dirigent Helge Øren. Bravo Aleksander! Me er veldig stolte av deg!  

Det var og kjekt å spela ilag igjen med Farnes Skulemusikk. Dei unge musikantane er ikkje berre flinke til å marsjera og spela, men... også å skriva dikt:

"Hipp hurra for 17. mai
Eg våknar opp av ein saluttog håpar dagen aldri tek slutt.Grunnlova vart skriven i 1814og no må vi hugse å ta på bunadskjorten.Dette er ein fin dagog da er det viktig med ei kake med mange lag.Toget det gårnår trommene slår. (...)"  - skrev klarinettist Ida Myrland fra 5a.

For mange vart 17. mai feiringa ein lang og strevsom dag.

Me i korpset koste oss og dagen vart avslutta med litt speling, god mat og drikke i hagen til Ruth og Terje Styve.

Dette var ein flott avsluttning. All honnør og STOR takk til Ruth og Terje:)

ingen kommentarer enda
Søk
Driftes av Styreportalen AS