Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dåm
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 1 039 933

 

 


Huldredans ved Naturhusa i Utladalen

"DRØM"-PROSJEKTET

"DRØM" er eit samarbeid mellom NMF og Norsk Tipping. Kvart år vert det plukka ut 3 korps i landet som får moglegheit til å setja opp sin drømmekonsert.

Jan Roger Øren var godt i gang med å skriva bestillingsverket "DÅM" til oss, og me hadde mange tankar og draumar rundt dette verket. Då me høyrde at det var mogleg å søkja om desse midlane, sende me avgarde ein førespurnad, og NMF tende på ideen vår.
NMF si grunngjeving for at nettopp me vart ein av dei tre korpsa som fekk tildelt desse midlane, var at prosjektet var spektakulert, spanande og skulle framførast i uvante omgjevnader. Me hadde og lagt stor vekt på det lokale perspektivet. Komponist, utøvarar og alle andre involverte er årdøler. Til og med lydmannen er jo lokal… Samstundes får me honnør for at me vil bruka nyskriven norsk musikk, sterkt inspirert av den tradisjonelle lokale folkemusikken i bygda.
– Me gjev berre midlar til dei me veit kan levera kvalitet, seier kommunikasjonssjefen i NMF, Stig Ryland.


23. mai 2009 vert det mogleg å oppleva ei musikalsk tilstelling langt utanom det vanlege. Då skal tingingsverket Dåm framførast, ved Utladalen Naturhus. Eit verk på seks satsar med nettopp Utladalen, Vettisfossen, elva Utla, garden Hjelle og resten av den storslagne naturen som inspirasjonskjelde. Med fjella som akustisk bakvegg og suset av fossen som stemningssetjar blir dette ei minneverdig oppleving.
Komponist er Jan Roger Øren, orkesteret er Øvre Årdal Janitsjarkorps og verket blir no plassert i sitt rette element.

Dette er eigentleg ei forlenging av "Folkemusikkprosjektet" med Bufaste Tonar, som me var med på i forrige sesong. Me vil med dette bli eksponentar for å ta vare på, og formidla den lokale musikk- og kulturhistoria vår slik at dette ikkje skal verte heilt gløymd.

– Dette er så sprøtt at det berre må bli bra, er Helge-dirigent sin kommentar.

Les om bestillingsverket her: "DÅM"

   
 

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no