Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dette biletet og mange fleire breie smil........
    - Sesongstart hausten 2010
    - Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
    - Konsert med Ole Edvard Antonsen og Øvre Årdal Janitsjarkorps
    - Reisebrev frå NM
    - ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
    - Årdal kommune 150 år
    - Adventskonsert 29.november 2009
    - Øvingshelg med meirsmak!
    - Kulturveke i Farnes kyrkje 2009
    - Dåm i Utladalen 23.mai 2009
    - Vellukka kulturkveld
    - Tusen takk til Bjørn Årebru
    - Kulturkveld 22.april
    - Konsert med Sogn og Fjordane Symfoniorkester 7.mars -09
    - Tunellopning 3.mars -09
    - DÅM-seminar med Jan Roger Øren (jan -09)
    - Kulturkveld 8.desember
    - Fylkesmeisterskapen i Måløy 2008
    - Sponsorkonsert 12.november
    - Korpskveld i Farnes kyrkje 27.oktober
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 536 830

 

 

 




Reisebrev frå NM
 
 
Helga 18. til 21. mars var Janitsjaren på tur til Trondheim. Eg skal prøva å fortelja korleis eg opplevde Noregsmeisterskapen, og trekkja fram det som kan vera interessant for andre å lesa utan at nokon vert sure på meg i etterkant…



Torsdag morgon tok me plass i bussen, pakka med god niste og godt humør. Nokre av oss hadde òg førebudd underhaldning for den elleve(!) timar longe turen. Det vart opptil fleire quizar og DVD-ar og elles var det mogeleg å øva på kampsongane til Janitsjaren. Sjølv om enkelte vart bittelitt bilsjuke, gjekk turen fint. Me hadde gode pausar til både lunsj og middag, og ein strålande bussjåfør! Me var framme i byen ved Nidelven litt før åtte om kvelden, og der møtte me dei som av ymse grunnar ikkje ville sitta på buss så lenge.
Etter så mange timar på buss, må det seiast at det var godt å kunna nytta kvelden i godt selskap i stabile barforhold. Overraskande for mange av oss, delte me hotell med Ole Edvard Antonsen(!!!!!!), ein ikkje heilt ukjent trompetist. Dei som følte seg komfortable med det, nytta høvet til å sosialisera seg med han. Det vert sagt at han, sjølv om han er ufatteleg dyktig og kjend, faktisk er nesten menneskeleg. Underteikna manglar framleis bevis på dette, og heldt seg på trygg avstand til nemnte bevis vert presentert…

Fredag var den store dagen då me både skulle spela opningskonsert og konkurranse. Sjølv om det vart litt seint torsdag, og enkelte trengte intensiv Landscapes-terapi for i det heile å kunna tenkja på å sova, var me friske og opplagte til å starta øving klokka 0900. Me fekk med oss to klarinettar og eitt horn frå Sande, dei fantastiske Per og Eva på slagverk, Mari på song og ostringen(opphavleg Årdøl…) Håkon Høgemo på fele. Me fekk og ”hjelp” frå ein lokal lydteknikar.

DÅM satt som ei kule! Det føltes litt uverkeleg å spela framfor så mange høgtståande personar i korpsmiljøet. Og det var ikkje berre supersolisten vår som vart nervøs av å sjå sjølvaste Ole Edvard Antonsen(!!!!!!) komma inn rett før konserten. Men nervane vart haldne i sjakk. Me fekk ståande applaus og vart roste opp i skyene etter konserten. Men lydteknikaren vert nok nøydt til å halda ein låg profil ei stund…

Etter denne fantastiske opplevinga, var det litt rart å førebu seg til ei ny framføring eitt par timar seinare. I konkurransen ”mista” me dei gode hjelparane våre, halverte talet på satsar i DÅM og spelte i eit rom med lite klang og lite publikum. I tillegg var nok mange litt utlada etter den store opplevinga me hadde hatt tidlegare same dagen. Likevel spelte me ein god konsert og sto på heilt til siste tone. Då ein var travelt opptekne med ymse speling fredag, veit me ikkje heilt korleis nivået var på dei andre korpsa i 5. divisjon. Men me må berre gå ut ifrå at dei som vart dømde betre enn oss, var veldig flinke. ☺

Resten av fredag og laurdag gjekk med til nokre felles måltid og elles lytting til korps som kunne læra oss noko. Sande i 1. divisjon spelte veldig bra! Det var veldig stilig å sjå på ”vår” Eva som sprang rundt, la seg over paukane og var ein viktig del av eit så godt korps! Mange av oss fekk òg sjå og høyra dei aller, aller beste korpsa i Noreg. Lillestrøm og Dragefjellet heldt liksom på med ein heilt anna idrett enn det me styrer på med her. Det er så gjennomført og perfekt, og samstundes så vanskeleg å forstå. Men det var veldig moro å sjå at Dragefjellet nytta grep i oppstillinga som me sjølv testa ut på seminar i haust. ☺

Laurdag kveld var det festkonsert og premieutdeling. Me fekk sjå Åsleik Engemark og Ole Edvard Antonsen(!!!!!) visa trusene sine, forelska tubaistar som banka opp slemme trompetistar, og klarinettistar som sladra om fløytistane sitt turbulente kjærleiksliv. Altså var det omtrent som ei vanleg øving i Øvre Årdal Janitsjar… Under premieutdelinga fekk me gleda av å høyra vår eminente flygelhornist, Sigyn, bli ropt opp som vinnar av solistprisen! Hurra!!! I tillegg kunne me sjå nestleiar Svein Jarle bli meir og meir forbløffa for kvart korps som vart ropt opp, som ikkje var oss. Me ende på ein fin fjerdeplass, og det trur eg ikkje så mange var misfornøyde med. Sjølv om det hadde vore veldig kjekt å komma på pallen og få premie.
Etter premieutdelinga fekk eg sjølv æra av å eskortera SuperSigyn tilbake til hotellet, der ho skulle feira triumfen sin med popkorn, cola og tyggegummi. Andre nytta høvet til å festa langt ut i dei små timar saman med dei andre elleville janitsjarmusikarane. Der var det fleire korps som hadde særs kreative metodar for å halda styr på kvarandre. Eitt korps stilte i matchande tirolarkostyme, medan eit anna hadde medaljar frå eit trekkspelmeisterskap hengande rundt halsen. På denne måten visste alle kva for korps ein kom frå, dersom dei hadde treft nokon frå dette korpset tidlegare. Kanskje det hadde vore noko for oss òg?

Søndag var alle friske og opplagte og klare for ein ny busstur på elleve timar. Dei som hadde vore plaga ved bilsjuke på vegen opp, hadde vore framsynte nok til å handla reisesjuketablettar i Trondheim. Så turen heim gjekk veldig fint for alle involverte. Det vart mykje filmsjåing og mindre selskapsleikar. Gutane på fremste rad vart umåteleg glade for folkekravet om å sjå Mamma Mia. Dette hadde dei lenge hatt lyst til, men aldri våga å seia til nokon. Elles må eg nok ein gong trekkja fram vår framifrå bussjåfør. Han styrte på og reserverte bord til middag på vegen, og var elles ein upåklageleg sjåfør.
Me kom trøtte og nøgde heim til Årdal i halv åttetida søndag kveld. Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur! ☺

Christine Nyheim



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no