Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dette biletet og mange fleire breie smil........
    - Sesongstart hausten 2010
    - Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
    - Konsert med Ole Edvard Antonsen og Øvre Årdal Janitsjarkorps
    - Reisebrev frå NM
    - ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
    - Årdal kommune 150 år
    - Adventskonsert 29.november 2009
    - Øvingshelg med meirsmak!
    - Kulturveke i Farnes kyrkje 2009
    - Dåm i Utladalen 23.mai 2009
    - Vellukka kulturkveld
    - Tusen takk til Bjørn Årebru
    - Kulturkveld 22.april
    - Konsert med Sogn og Fjordane Symfoniorkester 7.mars -09
    - Tunellopning 3.mars -09
    - DÅM-seminar med Jan Roger Øren (jan -09)
    - Kulturkveld 8.desember
    - Fylkesmeisterskapen i Måløy 2008
    - Sponsorkonsert 12.november
    - Korpskveld i Farnes kyrkje 27.oktober
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 536 875

 

 

 





ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
Frå urframføringa i Utladalen 23.mai 2009
 
Frå urframføringa i Utladalen 23.mai 2009
 
 
 
Øvre Årdal Janitsjarkorps er invitert til NM i Trondheim 2010 for å framføre bestillingsverket DÅM som opningskonsert for alle NM-deltakarane fredag 19.mars.

Utan økonomisk hjelp fra sponsorarane våre hadde me ikkje hatt moglegheit til å ta turen til Trondheim. Dette er ei historisk hending for Øvre Årdal Janitsjarkorps som for fyrste gong i korpset si historie skal delta på NM. Det starta som ein ide fra vår dirigent Helge Øren i 2008. Jan Roger Øren vart utfordra til å skriva musikken, og resultatet vart eit glimrande verk i 6 satsar, urframført i Utladalen i mai 2009. Medlemane i ØÅJ vart utfordra i vanskegrad på alle instrumentgrupper, og verket er skrive spesielt for ØÅJ og vår besetning.

No har vi fått det ærefulle oppdraget å framføre Dåm i sin heilheit som åpning av NM før konkurransen tek til.
Her vert samstundes Jan Roger invitert av NM-arrangørane for å fortelja om komposisjonen og tankane han hadde rundt musikkverket då han skreiv dette på oppdrag fra vår dirigent og ØÅJ. Dette meinar me er god reklame for Årdal Kommune, og me lovar å være gode ambassadørar for både bygda og sponsorarane våre.


Desse sponsorane er:

Sparebanken Sogn og Fjordane ( Vår Hovud sponsor )
Hydro Aluminium Årdal
Norsun
BIS Production Partner
Norges Musikk Korps Forbund
Dooria Avd. Årdal
Årdal kommune




Sjå omtale på NMF-sida HER




Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no