Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dette biletet og mange fleire breie smil........
    - Sesongstart hausten 2010
    - Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
    - Konsert med Ole Edvard Antonsen og Øvre Årdal Janitsjarkorps
    - Reisebrev frå NM
    - ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
    - Årdal kommune 150 år
    - Adventskonsert 29.november 2009
    - Øvingshelg med meirsmak!
    - Kulturveke i Farnes kyrkje 2009
    - Dåm i Utladalen 23.mai 2009
    - Vellukka kulturkveld
    - Tusen takk til Bjørn Årebru
    - Kulturkveld 22.april
    - Konsert med Sogn og Fjordane Symfoniorkester 7.mars -09
    - Tunellopning 3.mars -09
    - DÅM-seminar med Jan Roger Øren (jan -09)
    - Kulturkveld 8.desember
    - Fylkesmeisterskapen i Måløy 2008
    - Sponsorkonsert 12.november
    - Korpskveld i Farnes kyrkje 27.oktober
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 536 883

 

 

 




Adventskonsert 29.november 2009
Helge Magne i djup konsentrasjon under framføringa av Persuasion der han hadde ein fantastisk flott solo.
 
Helge Magne i djup konsentrasjon under framføringa av Persuasion der han hadde ein fantastisk flott solo.
 
Det er alltid moro å gjera noko i lag med andre! Dette var ein av grunnane for at me snudde litt om på den tradisjonelle kulturkvelden vår og gjekk i lag med Årdal Gospelkor for å laga adventskonsert fyrste søndag i advent. Me hadde eit ynskje om å skapa gode stemningar som folk skulle ta med seg inn i ei travel tid framover mot jul. Og stemning vart det!
Gospelkoret hadde fyrste avdeling av konserten. Dei hadde fått med seg songsolistar frå Hugin Musikkforum i tillegg til eigne dyktige songarar. Eit flott repertoar som besto av både gamle og nyare julesangar akkopagnert av eige band gjorde dette til ei fin oppleving for ei fullsett kyrkje.
Del to av konserten var Janitsjaren sin . Lyset vart dempa og utan å vera beskjeden greidde me godt å halde på den fine stemninga som allerede var lagt. Korpset innleia med stemningsfulle Silent Night, vidare flotte solistnummer for saksofon, flygelhorn og trombone. Ja Janitsjaren varta jamvel opp med song i repertoaret sitt denne kvelden med ” I himmerrik ei borg”.
Det vanka mykje godord frå publikum etter konserten. Og me som aktørar gjekk heim med ei god kjensle av at dette hadde vore vellukka.
Kanskje blir dette samarbeidet ein ny tradisjon? Det vil neste år vise.



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no