Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dette biletet og mange fleire breie smil........
    - Sesongstart hausten 2010
    - Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
    - Konsert med Ole Edvard Antonsen og Øvre Årdal Janitsjarkorps
    - Reisebrev frå NM
    - ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
    - Årdal kommune 150 år
    - Adventskonsert 29.november 2009
    - Øvingshelg med meirsmak!
    - Kulturveke i Farnes kyrkje 2009
    - Dåm i Utladalen 23.mai 2009
    - Vellukka kulturkveld
    - Tusen takk til Bjørn Årebru
    - Kulturkveld 22.april
    - Konsert med Sogn og Fjordane Symfoniorkester 7.mars -09
    - Tunellopning 3.mars -09
    - DÅM-seminar med Jan Roger Øren (jan -09)
    - Kulturkveld 8.desember
    - Fylkesmeisterskapen i Måløy 2008
    - Sponsorkonsert 12.november
    - Korpskveld i Farnes kyrkje 27.oktober
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 536 843

 

 

 




Dåm i Utladalen 23.mai 2009
Full kontroll over programmet
 
Full kontroll over programmet
 
Stemningsrapport
 
Stemningsrapport
 
DÅM konserten i Utladalen vart ei stor oppleving for oss. Her er ei oppsummering av den store dagen. Laurdag 23. mai er ein ganske så historisk dag for Øvre Årdal Janitsjarkorps. Det er ein dag korpset har jobba mot lenge. Denne dagen skal vi nemlig urframføra bestillingsverket vårt Dåm! Ein stor draum skal gå i oppfyllelse.

Førebuingane har vore mange. Komiteen for konserten og arrangementet, Marianne Vee Hellebø, Anita Hagen, Helge Øren og Jan Erik Øyre, har lagt ned enormt mange timar. Det er ikkje reint lite som skulla på plass. Korpset har hatt øvingshelgar, og øvingsdagar, samt fleire gjennomkøyringar dei siste dagane. Både Helge og Jan Roger har gitt uttrykk for å vera storfornøgde med oss, og forventingane til konserten er store. Både aviser og fjernsyn har meldt sin ankomst.

Rammene rundt konserten kunne ikkje vore meir fantastiske. Skåri ein sein vårdag bada i solskinn og med Hjellefossen i bakgrunnen! Klokka nærmar seg. Publikum har strøyma på og både barn og vaksne kosar seg i det nydelege veret. For korpset er spenninga sitrande! Hardingfela til Gro Marie Svidal kallar inn til Dåm!

Saman med Mari Brugrand Hauge på sang/kveding opna Gro Marie konserten. Medan korpset entrar scenen vært det spelt ein marsj på hardingfele. Konferansier Vibeke Vigdal Øren ønskte velkommen og introduserte komponisten av Dåm, Jan Roger Øren. Jan Roger fortalde om bakgrunnen for Dåm og litt om dei ulike satsane. Inspirasjonen til verket er henta frå naturen rundt Årdal og gjenspeglar både det mektige og vakre i denne.

Dåm er bygd på ”Halling” etter Sjur Eldegard og Gro Marie Svidal spela igjennom denne før Helge svinga takstokken og vårt mektige slagverk sette i gang ”Innferd”. 2. sats er ”Utsyn” og både publikum og korps blir nok alle litt bergtatte av flygelhornet til Sigyn. Solistinnslaga til Helge Magne og Jan er også nydeleg vakkert..

3. sats er ”Utla” som leikar seg nedover dalen. Her er også Hardingfela med. 4. sats er ”Kveld”.

5. sats ”Huldredans” byr på det meste. Den blir innleia av Mari Brugrand Hauge som syng Siri Dale vise. Det er så nydeleg at det lokkar fram huldrene til Leyonne Avdal. Slagverket får boltra seg med sine solistiske innslag før klarinettbuketten tek over.

6. satsen tek oss ”Heim” att etter ei lang og opplevelsesrik vandring i vår vakre natur. ”Heim” blir innleia av ein salme ved Mari. Etter kvart får også korpset vist fram si allsidigheit ved å akkompagnere Mari. Soloane på sax er så vakre at dei gir oss gåsehud.

Dette vart ei fantastisk oppleving for oss, og også for dei over 700 som hadde møtt opp for å høyra på urframføringa av Dåm. Lovorda er mange, og både representantar frå Noregs Musikkorps forbund og kommune overrekte helsingar etter konserten.

Sjå ellers omtale av "Dåm"-konserten på desse nettstadene:

Porten
Sogn Avis 1 Sogn Avis 2
NMF
NRK - Sogn og fjordane

Her finn du kjempeflotte biletseriar:
Heimesida til Trond Brenne (leiaren i NMF)

Bileter i vårt eige FOTOALBUM

Om "Drømme"-prosjektet
Om DÅM



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no