Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dåm
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 536 820

 

 

 



Naturhuset i Utladalen


Dåm
Utla
 
Utla
 
Avdalsfossen og Utla
 
Avdalsfossen og Utla
 
DÅM er eit bestillingsverk skrive spesielt til Øvre Årdal Janitsarkorps, av Jan Roger Øren. Janitsjar'n ynskte eit reindyrka program som omhandlar Årdal, vert framført i Årdal av og med Årdøler. Jan Roger har skrive 6 satsar, der han har teke utgangspunkt i Hjelle, Naturhuset og heilskapen i naturen langs heile Utladalen, på folkemunne kalt for "Norges villaste dal". Her freistar han å skildra alle dei momenta som desse omgjevnadane gjev han i all sin villskap og frodigheit.
Fyrste sats er "INNFERD", der denne flotte naturen åpenbarar seg. Deretter fylgjer "UTSYN", der alt dette skal nytast og fordøyast. Så skildrar han elva "UTLA" sin ville, mektige og leikande ferd langs heile dalen, før den roleg munnar ut i Årdalsvatnet. Så vert det "KVELD", der mørket, roen og stillheita er i fokus. I "HULDREDANS" skal me innom alle huldrene og vettene sin dans rundt bålet. Til slutt er me endeleg "HEIME", og alle desse satsane vert fletta saman i ein voldsom og mektig finale, der heile verket vert samla og oppsummert.
I dette flotte verket er det fletta inn gamal lokal folkemusikk frå felespelaren Sjur Eldegard, samt Siridals vise, som Edvard Grieg skreiv på ein av sine mange fotturar i området.
Samla vert dette ein fantastisk musikalsk reise frå sjølve foten av Jotunheimen, langsetter fossar og ville stryk, stubratte fjell og mektig natur, før me landar rundt Naturhuset. Med sine verneverdige og godt bevarte bygningar, vil dette monumentet minna oss på at her ein gong budde familiar i pakt med dette mektige landskapet.

For å klara å gjennomføra eit slikt prosjekt på eit nivå som det fortenar, måtte me få tak i midlar. Difor søkte me om noko som vert kalla "DRØM-PROSJEKT" gjennom NMF.



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no