Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - 1 mai feiring igjen!
    - Populær kulturkveld
    - Årsmøte i Øvre Årdal Janitsjarkorps
    - Revidert aktivitetspla for VÅR 2013
    - Vellukka nyttårskonsert
    - NYTTÅRSKONSERT 3.februar kl 18:00
    - Takk til sponorar
    - 1. øving i 2013
    - Gratulerer til Farnes Skulemusikk som fyller 60 år i år!
    - Kulturveka i Farnes Kyrkje, korpskonsert 22. oktober
    - Opning av Årdal Kulturhus
    - 8. oktober: Gratulera med dagen Helge!
    - Konsert med NORDIC TENORS i Årdal Kulturhus 9.juni 2013
    - Nye konsertar med Nordic Tenors
    - Ein suksess me seint vil gløyma!
    - Festkonsert
    - Kulturkveld 15.10
    - Øvingane startar oppatt
    - Sommaravslutning
    - Årsmøte for sesongen 2013
    - STEMNINGSFULL NYTTÅRSKONSERT
    - Nyttårskonsert 9.januar 2014
    - Romjulsfest 28.desember
    - God jul
    - Marknadsblåst
    - Solidaritetskonsert i Lærdal 1. mai
    - Opning av Kulturhuset
    - Soul og Blues-fest under Fjord til Fjelldagane.
    - Sesongstart måndag 29. august 2011
    - BLÅTUR
    - Helge har ordet
    - Knallkonsert med Brazz Brothers
    - Mange gratulasjonar til Marit og Geir
    - Konglesykkeldag i Årdal torsdag 26.mai
    - Janitsjaren og The Brazz Brothers
    - Aprilsnarr: Janitsjaren til operashuset i Sydney
    - Janitsjaren deltek på solidaritetskonsert for Lærdal Sjukehus
    - Elin har fått ein gut :-)
    - Kulturkveld med kordebut
    - ÅRSMØTE i Øvre Årdal janitsjarkorps
    - Tjuvstarta sesongen
    - Julegateopning
    - Godt nytt år!
    - Romjulsfesten 30.desember
    - Kulturkveld med fin julestemning.
    - Oppkøyring til Soul og bluesprosjekt
    - Gratulerer til Anita og Tom!
    - Konserten på ÅBO 7.november er utsett
    - Kulturveke i Farnes Kyrkje
    - Janitsjaren skapte god stemning under Haustmyldringa
    - Haustmyldring
    - Øvre Årdal janitsjarkorps på Facebook
    - Skotårskonsert
    - 202 ÅR ETTER EIDSVOLL
    - Medlemskontingent
    - Romjulsfest 27. desember
    - Marknadsblåst
    - OPPSTART NY SESONG 19.AUGUST!
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 537 321

 

 

 




Aprilsnarr: Janitsjaren til operashuset i Sydney
Hovudsponsor for Sydney Opera House
 
Hovudsponsor for Sydney Opera House
 
Hovudsponsor for Øvre Årdal Janitsjarkorps
 
Hovudsponsor for Øvre Årdal Janitsjarkorps
 
Endeleg kan me offentleggjera årets, for ikkje å snakka om tiårets, storhending for Øvre Årdal Janitsjarkorps. Alt ligg no til rette både økonomisk og praktisk for at korpsmedlemene med følgje kan setja seg i bussen til Oslo og ta fatt på den lange turen til Australia og Sydney Operahus.
Det heile kom i stand i samband med at to av korpset sine medlemmer har budd i Australia for ein periode. Dei vart heilt tilfeldig kjende med Bruce Creek som er kulturansvarleg for det verdskjende operahuset. Han fortalde dei om Sydney Operahus sitt tette samarbeid med YouTube der intensjonen er å få fleire intenasjonale musikarar på scena. YouTube er hovudsponsor for dette prosjektet.
For å gjera historia kort fekk Bruce Creek etterkvart presentert janitsjaren sin CD med DÅM. Han vart umiddelbart bergteken av musikken og historia kring verket, og var ikkje snauare enn at han inviterte korpset til å framføre verket i Utzon-salen i sjølvaste Sydney Operahus.
- Eg vart mildt sagt mållaus då eg fekk presentert idèen. Me
kunne ikkje anna enn seia ja og hurra! uttalar leiar i korpset Bente Kvåle. Det meste var jo ordna gjennom sponsor! Det einaste me trengde å gjera var å spørja oss fri frå arbeid kvitrar ho vidare.
For å få litt kjendsfolk i salen har korpset fått med seg Årdal Sogelag. Dei har lagt den planlagde amerikaturen sin på is og følgjer med til Australia i staden.
Sparebanken Sogn og Fjordane er Øvre Årdal Janitsjarkorps sin ordinære sponsor. Dei har kjøpt opp tre billettar til konserten dvs reise, opphald og konsert. Bygdefolk som er interesserte å følgja janitsjaren til Sydney kan melda seg på og bli med i trekning på desse billettane. Det kan ein gjera ved å ringa til leiar Bente Kvåle eller skriva seg på ei liste som er lagt ut på MIX kiosken på Årdalstangen.

Konserten finn stad søndag 9. oktober 2011 kl 17:00 i Utzon-salen
Avreise Årdal onsdag 5. oktober og heimreise tysdag 11. oktober
Fleire detaljar kjem seinare


DENNE HISTORIA SKULLE GJERNE VORE SANN, MEN ER EIN APRILSPØK!!



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no