Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Om oss
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 537 414

 

 


Frå festkonserten i 2007

DIRIGENT
 
 
Ein allsidig mann :)
 
Ein allsidig mann :)


HELGE ØREN
-dirigent for Ø.Å.J. sidan 2006-
(det er hovudpersonen sjølv som fortel :)

Nesten i frå eg vart født i 1965 har livet mitt vore prega av musikken. Fritida mi brukte eg på korps og fotball, og det var fotballen som i 1990 førte til at eg pakka sakene mine og flytta til Måløy. Då Tornado tok kontakt augna eg sjansen :-) Eg skulle då vere i Måløy 1 års tid, og dette eine året vart då plutseleg til 16 år.

I løpet av desse åra skjedde det mykje. Eg vart pappa til Mathias som i dag er 14 år. På fritida styrte eg på med fotball og trommeundervisning. Etter ein 4-5 år trengte Vedvik skule- og ungdomskorps ein ny dirigent. Eg hadde då aldri dirigert før, og ringte snarleg til han far for rådføring. Han meinte at dette måtte eg prøva, og dermed var eg i gang. Etter dette gjekk det slag i slag med fleire skulekorps, og i 2001 fekk eg spørsmål om å dirigere Kjølsdalen musikklag. Der fekk eg verkeleg lov til å både utfolde og utvikle meg. Eg hadde nokre fantastiske musikalske og minnerike år der. Og det var nok Kjølsdalen musikklag som gav meg trua på at dette var noko for meg. Og ikkje minst fekk eg moglegheita til å utvikle meg slik at eg kunne bli ein del av både korps- og dirigentmiljøet i fylket. Eg kjem alltid til å minnast denne gjengen med stor glede, ikkje minst fordi det var gjennom dei eg møtte Sigyn.

Dermed blei det musikk og familieliv. Me fekk Sofie i 2003, gifta oss i 2004, og me ordna oss med huslån og stasjonsvogn. Dette vart som å spele trio fyrst og intro til slutt, men det blei gode år i Måløy.

Da Årdal kommune ga oss moglegheiten til å flytta heim var me aldri i tvil, og flytta så fort me kunne. Dette har me aldri angra på. Som dirigent for Øvre Årdal Janitsjarkorps er eg komen inn i den same fantastiske korpsgjengen som eg forlot i Kjølsdalen Musikklag. Og som om dette ikkje var nok, pakka Mathias gitaren og barytonen sin og flytta etter oss inn til Årdal. Me ser no fram til mange gode år her i bygda.

   

 
Biletserien nedanfor er henta frå Oktober-reportasjen i "Det Skjer" , foto: Lidvard Berge


Ein musikalsk familie på Teigane

Mathias trakterar eit av sine mange instrument.

Sofie har fått eigen kornett av Besten

Eit strålande nøgd par i nybygd hus

Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no