Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 552 409

 

 


STØTTEMEDLEMSKAP 2011
 

Vil du vera støttemedlem i Øvre Årdal Janitsjarkorps?
Me ynskjer mange støttespelarar.

Øvre Årdal Janitsjarkorps er eit høgst levande og aktivt lag i Årdal. Dei har ein stor tilhengarskare blant bygda sine innbyggarar, gamle som unge. Gjennom korpset sine musikalske prestasjonar har korpset markert seg positivt både lokalt og utover i landet. Janitsjaren er ein god ambassadør for Årdal, noko som blir lagt merke til og verdsett av bygdefolket.

Med tilsig av mange nye medlemmar, og auke i dei musikalske aktivitetane, er økonomien alltid ein stor utfordring for korpset. Øvre Årdal Janitsjarkorps tilbyr difor privatpersonar og bedrifter å bli støttemedlemmer i korpset. Dette er ein fin måte for bygda sine innbyggarar å visa at dei set pris på, og ønskjer å behalda ØÅJ som den fargeklatten dei er i bygda.

Prisar for 2010:
Enkeltmedlemskap : kr. 200,-
Familiemedlemskap : kr. 300,-

Fordeler:
20% rabatt på våre konsertar/tilstellingar

Kvar og Korleis?
Kjøp medlemskort direkte hjå ein av korpset sine medlemmar, eller hjå Laila Ruud i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Det er òg mogeleg å overføra kr. 200,-/300,- til konto 3705.14.48589.
Merk giroen med ”STØTTEMEDLEM” og hugs å skriv namn på støttemedlem/familie. Så får du medlemskortet tilsendt, eller levert direkte til deg.

Janitsjaren ønskjer å takka alle som teiknar støttemedlemskap.

    Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no