Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dette biletet og mange fleire breie smil........
    - Sesongstart hausten 2010
    - Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
    - Konsert med Ole Edvard Antonsen og Øvre Årdal Janitsjarkorps
    - Reisebrev frå NM
    - ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
    - Årdal kommune 150 år
    - Adventskonsert 29.november 2009
    - Øvingshelg med meirsmak!
    - Kulturveke i Farnes kyrkje 2009
    - Dåm i Utladalen 23.mai 2009
    - Vellukka kulturkveld
    - Tusen takk til Bjørn Årebru
    - Kulturkveld 22.april
    - Konsert med Sogn og Fjordane Symfoniorkester 7.mars -09
    - Tunellopning 3.mars -09
    - DÅM-seminar med Jan Roger Øren (jan -09)
    - Kulturkveld 8.desember
    - Fylkesmeisterskapen i Måløy 2008
    - Sponsorkonsert 12.november
    - Korpskveld i Farnes kyrkje 27.oktober
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 528 176

 

 

 




Fylkesmeisterskapen i Måløy 2008
Seieren er vår !!!
 
Seieren er vår !!!
 
Stolt nestleiar og leiar
 
Stolt nestleiar og leiar
 
Gratulasjonar til ein nøgd dirigent
 
Gratulasjonar til ein nøgd dirigent
 
Øvre Årdal Janitsjarkorps tok sigeren i janitsjarklassen på den aller siste fylkesmesterskapen for amatørkorps i Sogn og Fjordane.
I tillegg til den gjeve fyrsteplassen fekk me og underhaldningsprisen, noko som kom svært overraskande på oss.
Fredag 14. november var me klare til å reisa til fylkesmesterskapen for amatørkorps i Måløy. Denne helga har me gleda oss til lenge. Me reiste fra Øvre kl. 17.00 og hadde ein busstur på 5 timar framfor oss. Men bussturane med Janitsjaren er ikkje som dei var tidligare, kven hadde trudd at me skulle reisa på korpstur og sjå på tegnefilm i bussen :-)
Kl. 09.30 laurdag var me klare til ei lita øvingsøkt. Helge var klar i sin tale, me skulle berre kosa oss denne dagen. Når me kom på scena skulle me lata som om at me sat rundt eit stort bord som var dekka med god mat og drikke, og berre nyta det.
Brasskonkurransen starta kl 11.00, og mange av oss nytta høve til å vera publikum. Høgdepunktet var nok ein gong Jølster.
Ø.Å.J. var fjerde korps ut i janitsjarklassen, og kl. 16.00 gjekk me på scena. Helge var oppteken av at me skulle smila masse, og visa vår speleglede. Humøret vårt var på topp, og me tykte at alt gjekk kjempebra. Så var det berre å venta til kl 20.00 og festmiddagen m/premieutdeling skulle starta.
Manger folkehøgskule stod for variert festkonsert, med korpsmusikk, folkedans og rockemusikk. Deretter var det klart for prisutdeling, og dei starta med prisen for beste underholdning. Jubelen stod i taket då dei las opp Øvre Årdal Janitsjarkorps som vinnar. Det hadde me i alle fall ikkje rekna med, men me var jo kjempeflinke til å smila og klappa :-)
Denne prisen må nok Helge få mykje av æra for. Han hadde satt saman eit program som fenga publikum.
Så var det tid for kåring av beste brasskorps, og her vart det ikkje uventa Jølster Musikklag som gjekk av med seieren.
Deretter var turen komen til premieutdeling til dei 3 beste janitsjarkorpsa. No var mange av oss spente og nervøse, skulle me klara å forsvara 2. plassen som me fekk for 2 år sidan. Nei, 2. plassen vart det ikkje, me tok likagodt 1. plassen, og jubelen stod i taket.
”We are the champion” og ”Janitsjarsongen” vart sunge av full hals.

Me lyt vel berre konkludera med at dette var ei svært vellukka helg.

Sjå fleire bileter i FOTOALBUMET

Resultatliste frå konkurransen :

Brass
1 Jølster musikklag 94 + 9 = 103 p
2 Florø hornmusikk 89 + 8 = 97 p
3 Torskangerpoll musikklag 88 + 8 = 96 p
4 Kjølsdalen musikklag 87 + 7 = 94 p
5 Fjordbrass Lavik 84 + 5 = 89 p

Janitsjar
1 Øvre Årdal Janitsjarkorps 91 + 8 = 99 p
2 Førde ungdomskorps 87 +7 = 94 p
3 Stryn musikklag 86 + 7 = 93 p
4 Måløy musikklag 85 + 5 = 90 p
5 Gloppen janitsjar 84 + 5 = 89 p



Get Adobe Reader Read file
 Sjå NMF si detaljerte resultatside her;






Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no