Øvre Årdal Janitsjarkorps
ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS
 • Om oss    • Oppslagstavle    • Intern medlemsinformasjon    • Sponsor    • Linkar     • Gjestebok  

 

 

   Oppslagstavle
    - Dette biletet og mange fleire breie smil........
    - Sesongstart hausten 2010
    - Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
    - Konsert med Ole Edvard Antonsen og Øvre Årdal Janitsjarkorps
    - Reisebrev frå NM
    - ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
    - Årdal kommune 150 år
    - Adventskonsert 29.november 2009
    - Øvingshelg med meirsmak!
    - Kulturveke i Farnes kyrkje 2009
    - Dåm i Utladalen 23.mai 2009
    - Vellukka kulturkveld
    - Tusen takk til Bjørn Årebru
    - Kulturkveld 22.april
    - Konsert med Sogn og Fjordane Symfoniorkester 7.mars -09
    - Tunellopning 3.mars -09
    - DÅM-seminar med Jan Roger Øren (jan -09)
    - Kulturkveld 8.desember
    - Fylkesmeisterskapen i Måløy 2008
    - Sponsorkonsert 12.november
    - Korpskveld i Farnes kyrkje 27.oktober
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 565 024

 

 

 





Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
Christine i aksjon på Memories of you
 
Christine i aksjon på Memories of you
 
Slangar kan brukast til mangt
 
Slangar kan brukast til mangt
 
Dyktig dirigent og dyktig musikar
 
Dyktig dirigent og dyktig musikar
 
Laurdag 12. juni hadde korpset konsert med Ole Edvard Antonsen i samband med Fjord til Fjell festivalen på Årdalstangen. Dagen før hadde me tre timar med øving saman med den verdskjende trompetisten. Helga vart ei stor oppleving for korpset. Ja då var helga endeleg komen. Eg trur eigentleg ikkje det hadde gått opp for oss kva me skulle vera med på.

Fredag 11.juni skulle me øva med Ole Edvard Antonsen og bandet hans. Bandet han hadde med seg var bror Tom Erik Antonsen, Atle Halstensen og Årdal sin eigen Per Hillestad. Alle er svært kjende namn i det norske musikkmiljøet.

Det var nok ein svært spent gjeng som ankom øvingslokalet fredag ettermiddag. Eg trur me alle var ganske nervøse. Notane hadde me øvd på berre i eit par veker.

Etter tre timar var Ole Edvard nøgd, og me var litt mindre anspente. Me hadde hatt ei svært inspirerande økt.

Så kom laurdag og tid for konsert, og eg trur alle berre gledde seg. Nervene var nesten vekke. Det vart ei heilt fantastisk oppleving for oss som me ikkje heilt kan fatta at me har vore med på. Det går nok ei stund før me landar, og eg trur dei fleste var godt nøgde med eigen innsats. Men me må få trekka fram alle solistane:

Sigyn Øren
Helge Magne Haglund
Jan Øren
Daniel Vik
Cristine Nyheim

som alle gjorde ein strålande jobb. Må og få takka den utruleg engasjerte dirigenten vår Helge Øren. Utan han hadde me aldri komme på at dette kunne gå an ein gang.

Ole Edvard Antonsen - heilt fantastisk. Det er utruleg kva han klarar å få til på instrumenta sine. Og det uten notar!! Reknar med at Landscapes er i alle cd spelarar no. Me har hatt ei kjempeflott helg, så tusen takk for at du tok deg tid til å komma inn her til oss.

Me hadde det også kjekt etter konserten, og me vil takka Torgloftet for at dei var sporty og kom med flott koldtbord til oss etter konserten, sjølv om dei hadde litt liten tid på seg.

Helsing ein 2. trompetist som berre kan drøyma om å få til ein liten brøkdel av det me har høyrt.

Her er link til Steinar Drægni sin flotte omtale av konserten på Porten



Utskriftsvennlig versjon

 

 

Øvre Årdal Janitsjarkorps --@-- ovreardal.janitsjarkorps@hotmail.no