|
 |
|
|
Klikk for større plakat |
|
|
|
Øvre Årdal Janitsjarkorps |
|
|
Den entusiastiske dirigenten vår har draumar og idear som få andre torer tenka på ein gong. Og nok ein gong har han realisert ein draum !!!
Merk dykk datoen: Laurdag 12.juni kl 18.30.
Merk dykk staden: Meieriparken, Fjord til Fjell Årdalstangen.
I samband med Fjord til fjell dagane på Årdalstangen vitjar Ole Edvard Antonsen bygda vår, og Øvre Årdal Janitsjarkorps får gleda av å spela konsert saman med denne store verdsstjerna. Me er kjempespente, og gledar oss enormt. Me skal ha øving med Antonsen fredag kveld, for å sy saman programmet.
Det blir ein todelt konsert der janitsjaren er med fyrste halvdel. Me skal framføra noko av vårt eige stoff, men har òg øvd inn og skal kompa på eindel av melodiane til Antonsen. Mange av desse er henta frå CD'en "Landscape". Me håpar no at folk går "mann av huse" for å oppleva denne unike hendinga med oss i Meieriparken. Dette blir STORT !!!
Les meir om konserten på porten.no
|