|
Torsdag 22.oktober opnar kulturveka 2009 i Farnes kyrkje. Mandag 26.oktober skal Janitsjar'n i elden saman med fire andre korps.
Musikkskulen med primus motor Elizabeth Søvik er fyrst i elden med Disney-prosjekt denne kvelden. Det er mykje flott og variert musikkmusikk utover heile veka. Mandag 26. er det duka for korpskveld, og me håpar på mindre dramatikk enn i fjor. Me hugsar vel alle raset som stengde vegen, og fekk store fylgjer for mange av dei "tilreisande" korpsa. Korpsa som deltek i kyrkja denne kvelden er Farnes skulemusikk, Flåm musikklag, Lærdal musikklag, Årdalstangen musikklag og Øvre Årdal Janitsjarkorps. Dei som møter opp vil nok få høyra mykje musikk som dei kanskje ikkje forbind med kyrkja i fyrste omgang. Me er glade for å ha ei kyrkje der det er høgt under taket.
Klikk på biletet for å sjå programmet for heile veka
|