|
Onsdag 22.april var det igjen duka for kulturkveld i regi av Janitsjaren. Denne gongen besto programmet for det meste av unge og lovande musikarar.
Det heile starta med 9. klasse ved Farnes skule som har øvd inn eit musikkprosjekt som ein del av pensumet sitt. Her fekk me ein liten smakebit av både rock og rapping. Farnes Skulemusikk følgde vidare med tre nummer; Jeg vil ha en blå ballong, Vårsøg der Jorunn Fjellheim var solist på fløyte, og til slutt Can Can. Farnes Skulemusikk har hatt stor framgang dette året. Med rytmisk og reint spel imponerte dei publikum. Sekvensen i kyrkja vart avslutta av evigunge Janitsjaren. Me framførde tre satsar av verket DÅM som skal framførast i si heilheit den 23.mai. Det er viktig å ”drype litt” slik at folk har noko å snakka om fram mot den store dagen. Kaffi, kaker og loddsal vart det på tradisjonelt vis etterpå. Praten gjekk livleg rundt borda. Kveldens siste innslag fekk me servert til kaffien. Bandet til Daniel, Mathias og Sondre som alle er medlemmar av Janitsjaren spelte tre låtar. Unggutane hadde sågar komponert ein av sangane sjølv. Eit svært sjarmerande innslag. Janitsjaren er imponerte og takknemlege over kor flinke folk i Årdal er til å stille opp på slike arrangement. Me hadde nok om lag 130 tilhøyrarar innanfor døra denne kvelden. Det strøymde til i god tid før konserten starta. Slikt likar me.
|