|
 |
|
|
Merete Kulset på bassklarinett, einaste årdølen i SOFORK |
|
|
|
Fellesorkesteret |
|
|
|
Nokre av dansarane |
|
|
Laurdag 7. mars var Sogn og Fjordane Symfoniorkester (SOFORK) i Årdal, og heldt konsert i Årdalshallen. Øvre Årdal Janitsjarkorps var inviterte med som gjestemusikarar på konserten.
Puplikum som tok turen til Årdalshallen denne laurdagen vart ønskt velkomen av Farnes skulemusikk, som spelte ved inngangen.
Janitsjaren fekk æra av å opna heile arrangementet inne i hallen. Me spelte to av satsane frå bestillingverket "DÅM" ; "Utla" og "Huldredans". Helge nytta anledninga til å driva litt reklame for "Drøm-prosjektet" i Utladalen. Han beskreiv for publikum i korte trekk korleis me tenkjer oss DÅM skal framførast i si heilheit den 23.mai. Alt vart naturlegvis ikkje røpa.
SOFORK entra så scena og framførde frå Gioacchino Rossini sitt velkjende stykke “Barbereren I Sevilla” under kyndig leiing av dirigent Helge Haukås. Deretter følgde ein fantastisk “Marimbakonsert” med solist Thomas Røgeberg. Før pause inntok Janitsjaren scena igjen og deltok i fellesnummeret som var “Triumfmarsj” frå Aida av Verdi. Å spele saman med eit symfoniorkester var ei ny og spennande oppleving for dei fleste av oss. Nummeret vart svært godt motteke av publikum.
Etter pausen var det klart for hovednummeret som var “Bilete frå ei utstilling” av Mussorgsky. Dette flotte stykket vart visualisert av unge dansarar frå heile fylket på ein utmerka måte med ballettdans instruert av mellom anna Leyone Avdal. Her var det lagt mykje arbeid i koreografi og kostymer.
Øvre Årdal Janitsjar takkar med dette SOFORK for at me vart inviterte til å vera med på denne konserten. Dette var heilt klart ei flott oppleving for oss. Både SOFORK og dansarane opptredde profesjonelt og heldt eit høgt nivå som var moro å høyra og sjå. Ståande applaus til slutt var velfortent!
Meir om konserten og bilete kan du sjå her: Porten
Me har òg lånt alle bileta på denne sida frå Porten.no
Sjå det fullstendige programmet til SOFORK her
|