|
"DÅM" er eit bestillingsverk skrive spesielt til Øvre Årdal Janitsarkorps, av Jan Roger Øren. 16.-18. januar 2009 hadde komponisten seminarhelg med Janitsjar'n.
Nokre ord om øvingshelga frå vår stolte og faste dirigent:
Det vart ei strålande øvingshelg, der Jan Roger løfta korpset slik me vel aldri har høyrt det før. Samstundes som det var ein humørfylt og lett stemning, var korpset veldig disiplinerte, mottakelege og svært positive. Medlemane var flinke til å koma med respons på instruksjonen og måten Jan Roger jobba med korpset på. Dette gjev Jan Roger sjølv gode tilbakemeldingar på, og han vart veldig positivt overraska over kvaliteten i korpset og kor mykje me har heva oss sidan sist.
Sjølv sit eg att med mykje god lærdom som eg vonar eg kan ta med meg vidare. Det er moro, inspirerande og lærerikt å fylgja han Jan Roger når han jobbar med korpset, og eg prøver å være bevisst på å jobba vidare med dei same elementa som han fokuserar på.
Me hadde gode prestasjonar både på Fylkesmeisterskapet og på eigne arrangement her heime. Men med den utviklinga me hadde sist helg, og om me fortset og jobbar bra framover, så vil nok dette langt overgå alt me har gjort musikalsk tidlegare med meg som dirigent. Det er eg overbevisst om vil gjelda for publikum og........
Dette vert ei fantastisk forestilling for absolutt alle.
- Helge -
Takk til våre musikkvener som tok turen og spelte med oss i helga; Per Høyum som køyrde den lange vegen frå Kragerø, Eva Ruud som tok turen frå Svelvik og Åshild Torsnes frå Sogndal
Me vil retta ei stor TAKK til Øyvind som stilte opp på kort varsel og gjorde opptak av heile bestillingsverket. Dette er eit fint arbeidsverktøy for komponist, dirigent og utøvarar i den vidare prosessen.
-ØÅJ-
Les medieomtale frå øvingane her; Porten Sogn Avis
Takk til Steinar Kvigne (Porten) og Ragnhild Sæle (Sogn Avis) som låner oss bileter. Sjå fleire i FOTOALBUMET vårt.
|