|
Øvre Årdal Janitsjarkorps inviterte til god, gamaldags kulturkveld i Farnes kyrkje måndag 8.desember. Her var variert og flott underhaldning, loddsal og servering av brus, kaffi og kaker. Og dette var tydeleg noko dei ca 130 frammøtte sette stor pris på.
Det var ei triveleg og avslappande stund, noko som òg var meininga. Det var høg trivselsfaktor med lite stress og mas. Gjestane våre viser imponerande høg kvalitet, der bl.a. 11-årige Åsa Vigen Bardal nok fekk seg mange nye beundrarar. Publikum vart bergtekne av det flotte songinnslaget ho hadde saman med resten av koret frå musikkskulen. Skulemusikken viser igjen at dei er på rett veg, og viser flott framgang frå sist me høyrde dei. Kaia og Odd Sigmund Høl er enno ein gong ein inner-tiar å ha på programmet. Det var nydeleg å høyre på. Det var òg veldig spanande å sjå dansen som vart framført av Cecilie Hammer og Tina Rasmussen. Spenstig og lystbetont som gjer oss ein fin breidde i programmet. Dei vil og verte ein del av framføringa av "DÅM" ved Naturhuset 23. mai neste år. Janitsjaren gjorde ein strålande konsert, og viser at dei var verdige vinnarar av Fylkesmeisterskapet. Kun 3 øvingar etter Måløy-turen, og over halve programmet var heilt nytt. Imponerande, og tlbakemeldingane frå publikum var jo eineståande.
Vårt program: 1. Quad City Stomp 2. Silver Bells 3. Olsen-banden 4. Baby, it's cold outside 5. Utla 6. Radetsky March
Alt i alt ein flott musikalsk kveld. Å få dela og oppleva musikk i lag med andre er vel noko av det finaste me kan bruka fritida vår på vel...?
Me vil takka desse som sponsa oss med gåver til utloddinga: Indre Sogn Bil Gjensidige forsikring Sparebank Sogn Og Fjordane Tess Årdal Torgloftet ASVO Vriomsveisen
Dersom nokon av publikum tok bileter på kulturkvelden, er me svært takknemlege om de vil dela dei med oss. Ta kontakt med Gro Fretland
|