|
 |
|
|
Farnes skulemusikk |
|
|
|
Janitsjaren |
|
|
|
Øvre Årdal Janitsjarkorps |
|
|
I samband med den årlege kulturveka i Farnes kyrkje, deltok tre korps frå Årdal, samt Flåm musikklag med eigen korpskveld mandag 27.oktober. Dette vart ein spesiell og minnerik konsert.
Korpsa frå Flåm, Lærdal og Årdalstangen var på veg til kyrkja då det gjekk ras på vegen mellom Øvre og Tangen. Nokre bilar frå Flåm og Årdalstangen hadde passert rasstaden, medan andre ikkje hadde nådd så langt enno. Det vart nokon dramatiske og tøffe minuttar før dei fekk kontakt med kvarandre, og bekrefta at alle hadde kome seg unna raset. Heile korpset frå Lærdal vart stogga av raset, og måtte snu heim. Årdalstangen sat igjen med ca halve korpset og Flåm mangla bl.a. alle slagverkarane sine, men begge korpsa stilte sporty opp, og spelte på konserten. Farnes Skulemusikk, med dirigent Sigyn Øren opna konserten. Det er kjekt å sjå at dei er aktive igjen, etter eit års pause. Årdalstangen Musikklag deltok med fire nummer. Deretter fulgte Flåm Musikklag. Janitsjar’n avslutta det heile med fylgjande repertoar: Quad City Stomp, Vem kan segla förutan vind?, Utla, Song from a Secret Garden, og Under Blågul Fana
Sjå fleire bileter frå korpskvelden i FOTOALBUMET vårt.
|