|
Måndag er korpsa sin dag når Farnes Kyrkje skipar til den årlege kulturveka si. Og måndag den 22. oktober vart ein real korpskveld. Farnes Kulemusikk opna kvelden. Skulemusikken har fått imponerande mange medlemmer og dei hausta ståande applaus for konserten sin. Det var veldig morro å høyra kor stor utvikling dei har hatt. Vidare var det fine konsertar av både Årdalstangen Musikklag og Flåm Musikklag. Øvre Årdal Janitsjarkorps avslutta konserten. Me hadde slått av "soul og blues brytaren", og framførde eit tradisjonelt korpsprogram denne gongen. Me er godt nøygde med gjennomføringa av det.
|