|
 |
|
|
Hovudsponsor for Sydney Opera House |
|
|
|
Hovudsponsor for Øvre Årdal Janitsjarkorps |
|
|
Endeleg kan me offentleggjera årets, for ikkje å snakka om tiårets, storhending for Øvre Årdal Janitsjarkorps. Alt ligg no til rette både økonomisk og praktisk for at korpsmedlemene med følgje kan setja seg i bussen til Oslo og ta fatt på den lange turen til Australia og Sydney Operahus.
Det heile kom i stand i samband med at to av korpset sine medlemmer har budd i Australia for ein periode. Dei vart heilt tilfeldig kjende med Bruce Creek som er kulturansvarleg for det verdskjende operahuset. Han fortalde dei om Sydney Operahus sitt tette samarbeid med YouTube der intensjonen er å få fleire intenasjonale musikarar på scena. YouTube er hovudsponsor for dette prosjektet. For å gjera historia kort fekk Bruce Creek etterkvart presentert janitsjaren sin CD med DÅM. Han vart umiddelbart bergteken av musikken og historia kring verket, og var ikkje snauare enn at han inviterte korpset til å framføre verket i Utzon-salen i sjølvaste Sydney Operahus. - Eg vart mildt sagt mållaus då eg fekk presentert idèen. Me kunne ikkje anna enn seia ja og hurra! uttalar leiar i korpset Bente Kvåle. Det meste var jo ordna gjennom sponsor! Det einaste me trengde å gjera var å spørja oss fri frå arbeid kvitrar ho vidare. For å få litt kjendsfolk i salen har korpset fått med seg Årdal Sogelag. Dei har lagt den planlagde amerikaturen sin på is og følgjer med til Australia i staden. Sparebanken Sogn og Fjordane er Øvre Årdal Janitsjarkorps sin ordinære sponsor. Dei har kjøpt opp tre billettar til konserten dvs reise, opphald og konsert. Bygdefolk som er interesserte å følgja janitsjaren til Sydney kan melda seg på og bli med i trekning på desse billettane. Det kan ein gjera ved å ringa til leiar Bente Kvåle eller skriva seg på ei liste som er lagt ut på MIX kiosken på Årdalstangen.
Konserten finn stad søndag 9. oktober 2011 kl 17:00 i Utzon-salen Avreise Årdal onsdag 5. oktober og heimreise tysdag 11. oktober Fleire detaljar kjem seinare
DENNE HISTORIA SKULLE GJERNE VORE SANN, MEN ER EIN APRILSPØK!!
|