|
Søndag 1. mars held Øvre Årdal Janitsjarkorps festkonsert i Årdal Kulturhus. Det blir eit fengande program med noko for einkvar smak. Janitsjaren har til denne konserten fått med seg ei rekke solide solistar. Monica Hjelle og Laila Asperheim vil i tillegg til solistar frå Årdal kommunale musikk og kulturskule vere med på å løfte konserten. I kompet vil dei dyktige musikarane Ole Magnar Nundal, Odd Sigmund Høl og Freek Ypma bidra.
|