|
Det er vanskeleg å finne ord for kor god kjensla var då me avslutta konserthelga vår 15. september i Sogndal Kulturhus. 260 selde billettar i Sogndal og 240 selde billettar i Årdal laurdag 14.september må ein kalla ein suksess. Publikum fekk ein festkveld med dei profesjonelle songarane i Nordic Tenors, eit janitsjarkorps og lokale songtalent av høgaste kvalitet. Ståande applaus i begge kulturhusa vitna om at dei likte det dei høyrde. Ordførar Jarle Årvoll i Sogndal takka for konserten med desse orda; - "Dette reiser med verda rundt for å høyra. Men i dag kom verda til oss i Sogndal Kulturhus. Takk skal de ha! ". Porten.no hadde ein fyldig reportasje etter konserten i Årdal og den kan lesast her
|