Vil du vera støttemedlem i Øvre Årdal Janitsjarkorps? Me ynskjer mange støttespelarar.
Øvre Årdal Janitsjarkorps er eit høgst levande og aktivt lag i Årdal. Dei har ein stor tilhengarskare blant bygda sine innbyggarar, gamle som unge. Gjennom korpset sine musikalske prestasjonar har korpset markert seg positivt både lokalt og utover i landet. Janitsjaren er ein god ambassadør for Årdal, noko som blir lagt merke til og verdsett av bygdefolket.
Med tilsig av mange nye medlemmar, og auke i dei musikalske aktivitetane, er økonomien alltid ein stor utfordring for korpset. Øvre Årdal Janitsjarkorps tilbyr difor privatpersonar og bedrifter å bli støttemedlemmer i korpset. Dette er ein fin måte for bygda sine innbyggarar å visa at dei set pris på, og ønskjer å behalda ØÅJ som den fargeklatten dei er i bygda.
Prisar for 2010: Enkeltmedlemskap : kr. 200,- Familiemedlemskap : kr. 300,-
Fordeler: 20% rabatt på våre konsertar/tilstellingar
Kvar og Korleis? Kjøp medlemskort direkte hjå ein av korpset sine medlemmar, eller hjå Laila Ruud i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er òg mogeleg å overføra kr. 200,-/300,- til konto 3705.14.48589. Merk giroen med ”STØTTEMEDLEM” og hugs å skriv namn på støttemedlem/familie. Så får du medlemskortet tilsendt, eller levert direkte til deg.
Janitsjaren ønskjer å takka alle som teiknar støttemedlemskap.
|