|
Så har me prøvd dette òg - spelt til dans med over 400 feststemde årdøler i teltet under Fjord til Fjelldagane. Også under familiekonserten tidlegare på kvelden var det kjempestemning. Vårt trufaste pubikum med ei aldersspreiing frå 2 til 90 år likte det dei høyrde og ga tydeleg uttrykk for det. Sogn Avis kvitterte med overskrifta "Har funne resepten på suksess". Kanskje det? Moro var det iallefall. Det er heilt tydeleg at korpset trivst med slike prosjekt. Me takkar initiativtakar Ketil Thorbjørnsen og The Huskies, Frid Nordheim, Monica Hjelle, korjentene frå musikkskulen og koret Kor Moro for samarbeidet. De gjorde ein fantastisk jobb alle saman. Bilete frå familiekonserten ligg i Fotoalbumet. Les også reportasjen på Porten. Porten
|