|
 |
|
|
Gro Fretland med solo |
|
|
|
Årdal musikk og kulturskule sitt barnekor |
|
|
|
Ine Hillestad |
|
|
Måndag kveld midt i den travlaste julestrida sto Øvre Årdal janitsjarkorps for ein stemningsfull kulturkveld i kyrkja. Det stimla til med folk i god tid og ei omlag fullsett kyrkje med foreldre, besteforeldre og andre fekk ein god porsjon med julestemning med seg heim. Årdal musikk og kulturskule sitt sjarmerande barnekor innleia konsertkvelden og Farnes skulemusikk som er våre mest faste gjester underheldt med fire nummer. Janitsjaren avslutta den kulturelle delen før det vart kaffi, kaker og loddsal i kyrkjelydssalen. Denne gongen hadde janitsjaren med Ine Hillestad som sangsolist på Barbra Streisand sin "Papa can you hear me". Alle dei ovanfornemde aktørane må ha meg unnskyldt men dette var kveldens mest bevegande innslag. Ine si kraftfulle stemme og ekte innleving gjekk rett til hjarta.
Tilslutt; all honør til arrangementskomitèen og reste av korpset som greidde å få i stand denne flotte kulturkvelden midt i ei travel tid. Aldri har det vore så mange flotte gevinstar og gode kaker. Her er det mange som har jobba hardt. Eg er sikker på at denne kvelden vart eit fint avbrekk for oss alle.
|