|
Det er etterkvart vorte ein tradisjon med kulturveke i Farnes kyrkje kvar haust. Måndag er korpsmusikken sin dag og janitsjaren er ein av dei faste gjestene. Programmet vårt hadde også denne gongen stor spennvidde. Korpset hadde fyrst eit fellesnummer med Farnes skulemusikk. Dei svært så unge skulemusikantanek hadde verkeleg fått god tek på instrumenta sine. Deretter vart eigen avdeling innleia med med OL fanfaren "Winter games", vidare "The midnight sun will never set", "Ut på tur", "Lite bane", "Chimes-blues" og til slutt "Champagne-galopp". Sigyn og Helge Magne var solistar i sikker og kjend stil. Sogndal Storband avslutta konsertkvelden i kyrkja. Underteikna hadde gleda seg spesielt til dette, og vart slett ikkje skuffa. Storbandet med songsolist Odrun Ugulsvik Myklebust imponerte verkeleg!
|