|
Tysdag 8. februar arrangerer ØÅJ igjen kulturkveld med mykje godt lokalt kulturstoff. Det som blir spesielt spanande denne gongen er det nye damekoret Ko(r) Moro. Dette er ein sangglad gjeng som aldri har hatt opptreden tidlegare. Dei seier dei legg like mykje vekt på det sosiale som det musikalske, men har no øvd inn fleire popmelodiar som vil bli presentert på kulturkvelden. Dirigent for koret er Mona Øren. Velkjende Årdalskoret, med dirigent Bjarne Øren, og dansegruppa til Årdal kultur og musikkskule med leiar Cecilie Hammer har også takka ja til å ha innslag.
Øvre Årdal Janitsjarkorps avsluttar sjølv kulturkvelden med ei eiga avdeling. Korpset har mykje ny og spanande musikk på repertoaret sitt denne sesongen. I mellom kulturinnslaga blir det pause med loddsal og servering av kaffi og kaker. Kulturkvelden finn stad i Samfunnshuset 8.februar klokka 19:00 Inngang kr 100.- Støttemedlemmar kr 80.-
Velkomen!
|