|
 |
|
|
Frå urframføringa i Utladalen 23.mai 2009 |
|
|
|
|
|
|
Øvre Årdal Janitsjarkorps er invitert til NM i Trondheim 2010 for å framføre bestillingsverket DÅM som opningskonsert for alle NM-deltakarane fredag 19.mars.
Utan økonomisk hjelp fra sponsorarane våre hadde me ikkje hatt moglegheit til å ta turen til Trondheim. Dette er ei historisk hending for Øvre Årdal Janitsjarkorps som for fyrste gong i korpset si historie skal delta på NM. Det starta som ein ide fra vår dirigent Helge Øren i 2008. Jan Roger Øren vart utfordra til å skriva musikken, og resultatet vart eit glimrande verk i 6 satsar, urframført i Utladalen i mai 2009. Medlemane i ØÅJ vart utfordra i vanskegrad på alle instrumentgrupper, og verket er skrive spesielt for ØÅJ og vår besetning.
No har vi fått det ærefulle oppdraget å framføre Dåm i sin heilheit som åpning av NM før konkurransen tek til. Her vert samstundes Jan Roger invitert av NM-arrangørane for å fortelja om komposisjonen og tankane han hadde rundt musikkverket då han skreiv dette på oppdrag fra vår dirigent og ØÅJ. Dette meinar me er god reklame for Årdal Kommune, og me lovar å være gode ambassadørar for både bygda og sponsorarane våre.
Desse sponsorane er:
Sparebanken Sogn og Fjordane ( Vår Hovud sponsor ) Hydro Aluminium Årdal Norsun BIS Production Partner Norges Musikk Korps Forbund Dooria Avd. Årdal Årdal kommune
Sjå omtale på NMF-sida HER

|