|
 |
|
|
Uvant oppstilling |
|
|
|
Konsentrasjon er viktig |
|
|
Fredag 30.10 og laurdag 31.10 hadde me seminar med Jan Roger Øren, Per Hillestad og Tom Erik Antonsen. Det var ei svært vellukka helg. Klarinettist Helge Kleiva oppsummerer her øvingshelga.
Med Per Hillestad, Tom Erik Antonsen og Jan Roger Øren som instruktørar vart ei særs inspirerande og artig øvingshelg for korpset avvikla fredag og laurdag 30-31 oktober. Nye innfallsvinklar på øvingsopplegg vart forklart, diskutert og utprøvd med stor entusiasme både frå instruktørar og musikantar. Rytmeforståelse, lytting og pusteteknikk var hovudtema for øvingane, og dette vart testa i praksis med klapping og speling uten notar, mange forskjellige måtar og stille opp korpset, og terping på korleis få nok luft inn i kroppen og ut gjennom instrumenta. Det var flott for oss treblåsarar å få sjå dei dyktige slagverkarane og tubaistane framfor oss når vi spelar, og ikkje berre høyre dei utallige rytmeinstrumenta som alltid gir oss pulsen! Eg trur mange av oss fekk fleire små og store tips som vi kan bygge vidare på for og bli bedre enkeltmusikantar og eit bedre korps! Eg spanderer gjerne fleire helgar med liknande opplegg! Takk til styret og gode instruktørar som gav oss ei helg med mykje moro og mange nyttige impulsar til vidare utvikling.
Les meir på Porten
|