|
 |
|
|
|
|
|
|
(Foto: Porten.no) |
|
|
|
(Foto: Porten.no) |
|
|
Denne kvelden inviterte Sparebanken Sogn og Fjordane til konsert med Øvre Årdal Janitsjarkorps. Konserten vart ei fin markering på starten av samarbeidet oss imellom.
Det var vel 150 frammøtte i kyrkja denne kvelden, inkludert ordførar og kultursjef. Desse fekk oppleve det programmet me reiste på fylkesmeisterskapet i Måløy med. For korpset vart dette ei fin generalprøve før avreise til Måløy den 14.november. Det vart òg sagt nokre ord denne kvelden, og i hovudsak dreia dette seg om forventningar til samarbeidet og kontrakten me har inngått med Sparebanken Sogn og Fjordane. Me i korpset er sjølvsagt veldig glad for at nokon torer å satsa på oss. Dette gjev oss motivasjon og vilje til å stå på framover for å nå måla våre. Me er opptatt av å vise oss fram for publikum på ein god måte, og me meinar det er viktig å vere ein synleg del av kulturlivet i Årdal. Og sist men ikkje minst får me med denne kontrakten endeleg moglegheit til å byte ut ein del av dei gamle instrumenta. Me ser verkeleg fram til eit godt samarbeid med vår hovudsponsor, Sparebanken Sogn og Fjordane.
Vårt program denne kvelden:
Fanfare for a new age Be thou my vision The monster under the bed Quad City stomp Vem kan segla forutan vind Utla A song from a secret garden Under blågula fana Ekstra; Barnard Castle
Sjå bileter og omtale frå konserten på Porten.no
|