|
 |
|
|
Seieren er vår !!! |
|
|
|
Stolt nestleiar og leiar |
|
|
|
Gratulasjonar til ein nøgd dirigent |
|
|
Øvre Årdal Janitsjarkorps tok sigeren i janitsjarklassen på den aller siste fylkesmesterskapen for amatørkorps i Sogn og Fjordane. I tillegg til den gjeve fyrsteplassen fekk me og underhaldningsprisen, noko som kom svært overraskande på oss.
Fredag 14. november var me klare til å reisa til fylkesmesterskapen for amatørkorps i Måløy. Denne helga har me gleda oss til lenge. Me reiste fra Øvre kl. 17.00 og hadde ein busstur på 5 timar framfor oss. Men bussturane med Janitsjaren er ikkje som dei var tidligare, kven hadde trudd at me skulle reisa på korpstur og sjå på tegnefilm i bussen :-) Kl. 09.30 laurdag var me klare til ei lita øvingsøkt. Helge var klar i sin tale, me skulle berre kosa oss denne dagen. Når me kom på scena skulle me lata som om at me sat rundt eit stort bord som var dekka med god mat og drikke, og berre nyta det. Brasskonkurransen starta kl 11.00, og mange av oss nytta høve til å vera publikum. Høgdepunktet var nok ein gong Jølster. Ø.Å.J. var fjerde korps ut i janitsjarklassen, og kl. 16.00 gjekk me på scena. Helge var oppteken av at me skulle smila masse, og visa vår speleglede. Humøret vårt var på topp, og me tykte at alt gjekk kjempebra. Så var det berre å venta til kl 20.00 og festmiddagen m/premieutdeling skulle starta. Manger folkehøgskule stod for variert festkonsert, med korpsmusikk, folkedans og rockemusikk. Deretter var det klart for prisutdeling, og dei starta med prisen for beste underholdning. Jubelen stod i taket då dei las opp Øvre Årdal Janitsjarkorps som vinnar. Det hadde me i alle fall ikkje rekna med, men me var jo kjempeflinke til å smila og klappa :-) Denne prisen må nok Helge få mykje av æra for. Han hadde satt saman eit program som fenga publikum. Så var det tid for kåring av beste brasskorps, og her vart det ikkje uventa Jølster Musikklag som gjekk av med seieren. Deretter var turen komen til premieutdeling til dei 3 beste janitsjarkorpsa. No var mange av oss spente og nervøse, skulle me klara å forsvara 2. plassen som me fekk for 2 år sidan. Nei, 2. plassen vart det ikkje, me tok likagodt 1. plassen, og jubelen stod i taket. ”We are the champion” og ”Janitsjarsongen” vart sunge av full hals.
Me lyt vel berre konkludera med at dette var ei svært vellukka helg.
Sjå fleire bileter i FOTOALBUMET
Resultatliste frå konkurransen :
Brass 1 Jølster musikklag 94 + 9 = 103 p 2 Florø hornmusikk 89 + 8 = 97 p 3 Torskangerpoll musikklag 88 + 8 = 96 p 4 Kjølsdalen musikklag 87 + 7 = 94 p 5 Fjordbrass Lavik 84 + 5 = 89 p
Janitsjar 1 Øvre Årdal Janitsjarkorps 91 + 8 = 99 p 2 Førde ungdomskorps 87 +7 = 94 p 3 Stryn musikklag 86 + 7 = 93 p 4 Måløy musikklag 85 + 5 = 90 p 5 Gloppen janitsjar 84 + 5 = 89 p
Sjå NMF si detaljerte resultatside her;
|