|
3.februar er det duka for Nyttårskonsert i Årdal Kulturhus. Øvre Årdal Janitsjarkorps står som arrangør, og gjester denne gong er ungdomskoret RØYST, Farnes skulemusikk og Årdal Gospelkor.
Ungdomskoret RØYST har tilhald i Sogndal men består av ungdom i alderen 13-23 år frå heile fylket. Dette er store songtalent som me heilt sikkert vil høyre mykje frå i åra framover. Koret blir leia av Bjørn Gisle Seter.
ØÅJ har også eit variert og spanande program som me skal framføre.
Velkomen!
|