17. MAI 2016
For to år siden feiret vi tohundreårsjubileum for Norges grunnlov. Den viktigaste historisk dag for alle nordmenn i 2016 er allerede bak oss. Øvre Årdal Janitsjarkorps delte i stor feiring, som alltid.
Les mer...
|

1 mai feiring igjen!
Janitsjarkorps stilte som vanlig til 1 mai speling.
På Torget og foran ÅBO var mulig å høyre "Internasjonalen" - sang som var oversatt til norsk av Olav Kringen i 1904, og er idag mest kjent som arbeiderbevegelsens viktigste kampsang.
Janitsjar marsjerte ilag med flinke musikanter fra Farnes Skulemusikk.
Les mer...
|
Festkonsert
Søndag 1. mars held Øvre Årdal Janitsjarkorps festkonsert i Årdal Kulturhus. Det blir eit fengande program med noko for einkvar smak. Janitsjaren har til denne konserten fått med seg ei rekke solide solistar. Monica Hjelle og Laila Asperheim vil i tillegg til solistar frå Årdal kommunale musikk og kulturskule vere med på å løfte konserten. I kompet vil dei dyktige musikarane Ole Magnar Nundal, Odd Sigmund Høl og Freek Ypma bidra.
Les mer...
|

Romjulsfest 27 .desember 2014
Les mer...
|
Kulturkveld 15.10
Onsdag 15.10 var det kulturkveld i Årdal Kulturhus. I tillegg til Janitsjaren bidrog Arve Bjørn Røneid frå Gaupne på toradar, Vilde Juvik Eldegard på hardingfele og dansarar frå Årdal Kommunale Musikk- og Kulturskule til eit flott og variert program. Me ønskjer å takka bedriftene som sponsa Janitsjaren med flotte premiar som vart lodda ut. Dei som støtta oss med premiar var: Kiwi, Freequent, Veeskiosken, Sprebanken Sogn og Fjordane, Vriomsveisen, Jålebroki, Vitus Apotek, Cleopatra, Klingenberg Hotel, Tangen Sport, Rema 1000 og Bygger´n.
Les mer...
|
Øvingane startar oppatt
Sommaren er på hell og janitsjaren startar oppatt øvingane måndag 25.08 kl. 1800 i Årdal Kulturhus. Både nye og gamle medlemer er hjarteleg velkomne
Les mer...
|

Sommaravslutning
Les mer...
|
Solidaritetskonsert i Lærdal 1. mai
samband med at Skøytelaget i Lærdal mista alt av utstyr og skøytehuset sitt i storbrannen i januar, vart det arrangert ein solidartietskonsert 1. mai. Konserten var i storstova på skulen i Lærdal. Alle inntektene gjekk til skøytelaget og det vart samla inn omlag 16000 kr. I tillegg Øvre Årdal Janitsjarkorps deltok Flåm Musikklag, Årdalstangen Musikklag og arrangøren som var Lærdal Musikklag. Bilete og reportasje frå konserten finn ein på Porten
Les mer...
|
Flott kulturkveld i Årdal Kulturhus
Onsdag 2. april var det kulturkveld i Årdal Kulturhus. Det vart ein svært vellukka konsert med Årdalstangen Musikklag, Farnes Skulemusikk, Øvre Årdal Janitsjarkops og innslag frå Årdal Kommunale Musikk- og Kulturskule. Les meir på Porten
Les mer...
|
Årsmøte for sesongen 2013
Det vert helde årsmøte for Øvre Årdal Janitsjarkorps måndag 3.mars.
Stad: Eldresenteret i Årdal Kulturhus
Tid: kl 19:00 ( etter speleoppdrag på ÅBO)
Vel møtt!
Les mer...
|

STEMNINGSFULL NYTTÅRSKONSERT
Til trass for at jula var over greidde me å fylla kulturhuset med over to hundre tilhøyrarar under nyttårskonserten 9.januar, Det verka som om folk ikkje var mette på julemusikk og ville ha litt julestemning i januar òg. Mange positive tilbakemeldingar fekk me iallefall og nedanfor kan ein lesa Porten.no sin omtale av konserten.
Porten
Les mer...
|
NYTTÅRSKONSERT 9.JANUAR 2014
Den annonserte adventskonserten 1.desember vart desverre avlyst. Me set oppatt konserten 9.januar som ein nyttårskonsert.
Les mer...
|
Romjulsfest 28.desember 2013
Les mer...
|
God jul
Med julekonserten i Farnes Kyrkje søndag 15.desember tok korpset ein velfortent juleferie. Ei bortimot fullsett kyrkje fekk høyre "Bella Notte", "Himlen i min favn", "Nordnorsk julesalme" og "Jul, jul strålande jul" med Tea Trollebø som sangsolist. Julekonserten vart avslutta på tradisjonelt vis med "Deilig er jorden" saman med songkora.
Les mer...
|
Marknadsblåst i Lærdal 28.september.
Vel blåst til Lærdal Musikklag som sto for dette flotte arrangementet. Slike treff er positivt for det sårbare korpsmiljøet i Indre Sogn. Inspirerande var det også å høyra konserten til elitekorpset Sandviken Ungdomskorps frå Bergen. Porten sin reportasje frå Marknadsblåsten kan lesast her
Porten
Les mer...
|

Ein suksess me seint vil gløyma!
Det er vanskeleg å finna ord for kor god kjensla var då me avslutta konserthelga vår 15. september i Sogndal Kulturhus. Med 260 selde billettar i Sogndal og 240 selde billettar i Årdal laurdag 14.september må me kunne kalla dette ein suksess. Publikum fekk ein festkveld med dei profesjonelle songarane i Nordic Tenors, Øvre Årdal Janitsjarkorps og lokale songtalent av høgaste kvalitet. Ståande applaus i begge kulturhusa vitna om at dei likte det dei høyrde. Ordførar Jarle Årvoll i Sogndal takka for konserten med desse orda; - "Dette reiser med verda rundt for å høyra. Men i dag kom verda til oss i Sogndal Kulturhus. Takk skal de ha! ". Porten.no hadde ein fyldig reportasje etter konserten i Årdal og den kan lesast her
Porten
Les mer...
|
Nye konsertar med Nordic Tenors
Konserten me hadde med Nordic Tenors, ungdomskoret Røyst, og dei dyktige elevane frå Årdal musikk og kulturskule i vår vart ein formidabel suksess. Me tykte dette var utruleg morro og me har fått mange oppfordringar om å setje oppatt konserten. Publikum som ikkje fekk dette med seg i juni kan difor no gleda seg til to nye konsertar.
Laurdag 14.september i Årdal Kulturhus kl 18:00
Søndag 15.september i Sogndal Kulturhus kl 18:00
Billettsal til begge konsertane gjennom kulturhusa sine nettsider. Pris kr 250 + bill.avgift. Sjå plakat.
Les Sogn Avis sin omtale av konserten i vår her
Les mer...
|
OPPSTART NY SESONG 19.AUGUST!
Me bles i gong ein ny sesong måndag 19.august kl 18:00 i Årdal Kulturhus.
Styret ønskjer nye og gamle medlemmer velkomen til ein innhaldsrik korpshaust
Les mer...
|
TAKK TIL SPONSORAR
Øvre Årdal Janitsjarkorps vil med dette takke alle som har bidrege med økonomisk støtte i året som har gått. Dette gjeld:
SUNDE RESIRK AS, SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE HYDRO ALUMINIUM, SKRIVARGARDEN ÅRDAL KJEMISKE FAGFOREINING, FAGFORBUNDET ÅRDAL AVD 220, ÅRDAL KOMMUNE
Me gløymer heller ikkje vårt trufaste publikum og alle tipparar som har gjeve oss pengar gjennom Grasrotandelen.
Tusen takk alle saman!
Les mer...
|
Populær kulturkveld
Det strøymde på med folk til den fyrste kulturkvelden vår i det nyrenoverte kulturhuset. Me kunne telje 170 vaksne pluss mange små ivrige aktørar. Denne formen for arrangement er tydeleg populært, og ingenting gledar oss meir. Porten.no laga ein fyldig reportasje og den kan lesast her
Porten
Les mer...
|
Årsmøte i Øvre Årdal Janitsjarkorps
Det vert halde årsmøte 8.april kl 19:00 i Farnes Ungdomshus, 2.etasje. (Kulturhuset er reservert til eit anna arrangement denne kvelden). Saker til årsmøtet skal vera styret i hende 14 dagar før møtet. Det blir enkel servering.
Velkomen!
Les mer...
|
Revidert aktivitetsplan for VÅR 2013
Aktivitetsplan for VÅR 2013 er no lagt ut her på heimesida.
Les mer...
|
Vellukka nyttårskonsert
3. februar var det nyttårskonsert som sto på plakaten til janitsjaren i Kulturhuset. Vel 150 betalande + musikalske gjester fekk høyre eit variert program. Her kan de lese Porten sin reportasje frå konserten. Porten
Les mer...
|
NYTTÅRSKONSERT 3.februar kl 18:00
3.februar er det duka for Nyttårskonsert i Årdal Kulturhus. Øvre Årdal Janitsjarkorps står som arrangør, og gjester denne gong er ungdomskoret RØYST, Farnes skulemusikk og Årdal Gospelkor.
Ungdomskoret RØYST har tilhald i Sogndal men består av ungdom i alderen 13-23 år frå heile fylket. Dette er store songtalent som me heilt sikkert vil høyre mykje frå i åra framover. Koret blir leia av Bjørn Gisle Seter.
ØÅJ har også eit variert og spanande program som me skal framføre.
Velkomen!
Les mer...
|
1. øving i 2013
Fyrste øving i 2013 er måndag 7.januar. Øvinga er i kulturhuset.
Les mer...
|
ROMJULSFEST 29.DESEMBER. SISS and the blue bag
Romjulsfest i Årdal Kulturhus 29.desember. Alder 20 år Pris 300.- Førehandssal i Skrivargarden + sal av billettar i døra. Dørane åpnar kl 22:00 og blir lukka klokka 23:30. Slutt kl 02:00
Les mer...
|
60 års jubileum Farnes Skulemusikk
Me fekk oppleva ein svært vital 60 åring på jubileumskonserten i kulturhuset søndag 4.november. Det er tydeleg at dette er eit korps i medgang. Det er mange år sidan korpset har talt så mange medlemmer og dei stilte jamvel opp i nye flotte uniformer. Det musikalske var glitrande. Øvre Årdal Janitsjarkorps kan sjå lyst på rekrutteringa etter detta. Lukke til vidare!
Les mer...
|
Kulturveka i Farnes Kyrkje, korpskonsert 22. oktober
Måndag er korpsa sin dag når Farnes Kyrkje skipar til den årlege kulturveka si. Og måndag den 22. oktober vart ein real korpskveld. Farnes Kulemusikk opna kvelden. Skulemusikken har fått imponerande mange medlemmer og dei hausta ståande applaus for konserten sin. Det var veldig morro å høyra kor stor utvikling dei har hatt. Vidare var det fine konsertar av både Årdalstangen Musikklag og Flåm Musikklag. Øvre Årdal Janitsjarkorps avslutta konserten. Me hadde slått av "soul og blues brytaren", og framførde eit tradisjonelt korpsprogram denne gongen. Me er godt nøygde med gjennomføringa av det.
Les mer...
|
OPNING AV ÅRDAL KULTURHUS
Det var ei stor æra og ei stor stund for oss å få vera ein del av opningsarrangementet i kulturhuset måndag 15.oktber. The Commitments og Blues Brothers sat like godt i det nyrenoverte kulturhuset som i det festfylte lokalet på Årdalstangen i vår. Og når sangarane i tillegg var forsterka med Odd Einar Nordheim kunne det nesten ikkje bli betre. Det var mange lovord og superlativ frå publikum i etterkant. Me ser fram til å ha kulturhuset som øvingslokale igjen.
Les mer...
|
Opning av nyrenovert kukturhus
Ein ny sesong er godt i gang og mange store hendingar ligg føre oss. Fyrste speleoppdrag denne hausten blir opning av det nyrenoverte kulturhuset i Øvre. Me held fram der me slutta forrige sesong med ein litt kortare men like bra versjon av Soul og blues prosjektet med the Huskies og songsolistane Monica Hjelle, Frid og Odd Nordheim. Det er stort at det er me som får æra av å stå for opningskonserten. Nytt kulturhus betyr også at me får att det gamle øvingslokalet vårt. Etter fleire år med øving i Farnes Kyrkje pakkar me no saman sakene våre og flyttar "heim". Me takkar samstundes Farnes Kyrkje for eit godt samarbeid.
Les mer...
|
SOUL OG BLUESFEST UNDER FJORD TIL FJELLDAGANE
Så har me prøvd dette òg - spelt til dans med over 400 feststemde årdøler i teltet under Fjord til Fjelldagane. Også under familiekonserten tidlegare på kvelden var det kjempestemning. Vårt trufaste pubikum med ei aldersspreiing frå 2 til 90 år likte det dei høyrde og ga tydeleg uttrykk for det. Sogn Avis kvitterte med overskrifta "Har funne resepten på suksess". Kanskje det? Moro var det iallefall. Det er heilt tydeleg at korpset trivst med slike prosjekt. Me takkar initiativtakar Ketil Thorbjørnsen og The Huskies, Frid Nordheim, Monica Hjelle, korjentene frå musikkskulen og koret Kor Moro for samarbeidet. De gjorde ein fantastisk jobb alle saman. Bilete frå familiekonserten ligg i Fotoalbumet. Les også reportasjen på Porten. Porten
Les mer...
|
Oppkøyring til Soul og bluesprosjekt
Vårens vakraste eventyr blir i teltet under "Fjord til Fjell"dagane på Årdalstangen 9. juni. Då blir det "Soul og bluesprosjekt med ØÅJ, The Huskies og ingen ringare enn Frid Nordheim som medvokalist. Fyrste helga etter påske starta den verkelege oppkøyringa til konsertane. Me hadde snusa litt på stoffet på tildlegare øvingar men i løpet av desse to dagane skulle det meste settast på plass. Det vugga skikkeleg i kyrkja desse dagane. Prosjektet består seg av utdrag frå musikkfilmane The Blues Brothers og The Commitments. Bilete frå øvingshelga ligg i fotoalbumet her på heimesida.
Les mer...
|
Skotårskonsert
Øvre Årdal Janitsjarkorps hadde gleda av å vera gjester då Farnes Skulemusikk skipa til Skotårskonsert i Farnes Kyrkje. Porten har formidla inntrykka etter konserten på ein glimrande måte. Les her kva dei skriv
Porten
Les mer...
|
Godt nytt år!
Øvre Årdal Janitsjarkorps vil med dette ynskje alle våre sponsorar og vårt trufaste publikum eit riktig godt nytt år! Me vil og samtidig takke for all støtte i året som har gått. Det blir mykje å gle seg til i vårsesongen 2012. Det fyrste som står på programmet er skotårskonsert i slutten av februar, men seinare på våren vil det og skje spanande ting. Det er berre å følgje med:-)
Les mer...
|
Romjulsfesten 30.desember 2011
I år blir janitsjaren sin romjulsfest arrangert som ein "venners venners-fest" der ein må ha meldt seg på på førehand. Ta kontakt med Laila Ruud for å høyre om det framleis er ledige billettar att. Musikk er "Robert og Odd2re", og aldersgrense er 25 år. Dørane blir lukka klokka 22:30. Namnelister over påmelde ligg i døra. Det er sjølvsagt ikkje lov å ha med medbrakt drikke.
Les førehandsomtale på Porten Porten
Les mer...
|
Kulturkveld med fin julestemning.
Måndag kveld midt i den travlaste julestrida sto Øvre Årdal janitsjarkorps for ein stemningsfull kulturkveld i kyrkja. Det stimla til med folk i god tid og ei omlag fullsett kyrkje med foreldre, besteforeldre og andre fekk ein god porsjon med julestemning med seg heim.
Les mer...
|
Julegateopning
Janitsjaren stilte også i år på julegateopninga på torget i Øvre Årdal. I år var det stor deltaking og janitasjaren spelte tradisjonelle julesongar i lag med Farnes Mannskor. Dette gav ei god ramme rundt arrangementet og folk såg ut til å ha det kjekt.
Les mer...
|
Gratulerer til Anita og Tom!
På den spesielle datoen 11.11.11 vart Anita, fast medlem i klarinettbuketten, og Tom foreldre til ein skjønn liten gut. Janitsjaren sender sine varmaste gratulasjonar og håpar at mor og son snart blir å sjå på øving!
Les mer...
|
Konserten på ÅBO 7. november er utsett
Den planlagde konserten på ÅBO fyrstkomande måndag 7.november er utsett til over nyttår. Det blir i staden halde gruppeøvingar. Messinggruppa har fyrste økt frå 18:00 til 19:15. Treblåsegruppa etter pause.
Les mer...
|

Kulturveke i Farnes Kyrkje
Det er etterkvart vorte ein tradisjon med kulturveke i Farnes kyrkje kvar haust. Måndag er korpsmusikken sin dag og janitsjaren er ein av dei faste gjestene. Programmet vårt hadde også denne gongen stor spennvidde. Korpset hadde fyrst eit fellesnummer med Farnes skulemusikk. Dei svært så unge musikantane hadde verkeleg fått god tek på instrumenta sine. Deretter vart eigen avdeling innleia med med OL fanfaren "Winter games", vidare "The midnight sun will never set", "Ut på tur", "Lite bane", "Chimes-blues" og til slutt "Champagne-galopp". Sigyn og Helge Magne var solistar i sikker og kjend stil. Sogndal Storband avslutta konsertkvelden i kyrkja. Underteikna hadde gleda seg spesielt til dette, og vart slett ikkje skuffa. Storbandet med songsolist Odrun Ugulsvik Myklebust imponerte verkeleg!
Les mer...
|
Janitsjaren skapte god stemning under Haustmyldringa
Øvre Årdal Janitsjarkorps var så absolutt med på å gjere Haustmyldringa i Øvre Årdal til eit vellukka arrangement. Korpset stilte opp utanfor gamelskulen og diska opp med lettfatteleg musikk som " Fly me to the moon" , "Big Spender", "Champagnegaloppen" og mange mange fleire. Publikum likte det dei høyrde og gav oss mange gode tilbakemeldingar. Me stiller gjerne opp til neste år og!
Les mer...
|

Haustmyldring
Janitsjaren spelar på haustmyldinga i Øvre laurdag 1. oktober. Me spelar på torget frå kl 13:00 og utover. Me lovar lett og lystig musikk som garantert får deg i godt humør!
Les mer...
|
ÅRSMØTE i Øvre Årdal janitsjarkorps
Det blir helde årsmøte måndag 26. september etter den ordinære korpsøvinga. Møtet finn stad i eitt av lokala til Farnes Kyrkje. Enkel servering. Velkomen til både aktive og passive medlemmer!
Les mer...
|
Sesongstart måndag 29. august 2011
ØÅJ startar oppatt med øving måndag 29. august kl 18:00 - 20:30. Leiar Bente Kvåle ynskjer gamle og nye medlemmer velkomen til ein ny sesong som kjem til å by på mange spanande arrangement. Korpset held fram med å ha øvingane i Farnes Kyrkje.
Les mer...
|
Tjuvstarta sesongen
Ei gruppe frå janitsjaren varta opp med fanfare under åpninga av "Olsenbana" tysdag kveld. Det er kjekt at korpset har evne til å stille opp på slike arrangement sjølv om sesongen formelt ikkje er i gang. Vel blåst!
Les mer...
|
HELGE HAR ORDET
Vår kjære dirigent har på "redaksjonen" si oppfordring skrive nokre ord om sesongen som no er avslutta. Helge fokuserer alltid på det positive og han gir korpset mange gode ord som kvar og ein kan ta med seg på ferie. Han ser allereie fram til neste sesong, og det gjer alle me andre òg! Les meir om kva Helge skriv:
Les mer...
|

KNALLKONSERT MED BRAZZ BROTHERS
Her kan ein lesa Porten sin reportasje frå den fenomenale konserten Øvre Årdal Janitsjarkorps hadde med Brazz Brothers søndag 29.mai. Porten
Les mer...
|

Janitsjaren og The Brazz Brothers
Eit år har gått sidan den store konserten med Ola Edvard Antonsen og no får janitsjaren igjen storfint besøk . Denne gongen er det The Brazz Brothers. Brazzbrødrene skal ha øvingshelg med korpset og dei avsluttar med ein felles konsert i samfunnshuset søndag den 29.mai klokka 18:00. Thomas Nordheim Moen og Kjetil Ellingsen er gjesteartistar under konserten. All honnør til dirigent Helge som stadig tilfører korpset nye inspirerande opplevingar! Ein kan lesa meir om konserten på Porten Porten
Les mer...
|
Konglesykkeldag i Årdal torsdag 26.mai
Øvre Årdal Janitsjarkorps bilr å sjå og høyre på Kongelsykkeldagen til Sparebanken Sogn og Fjordane. Korpset spelar på torget i Øvre Årdal klokka 17:00. Sparebanken Sogn og Fjordane er hovudsponsor for ØÅJ
Les mer...
|
JANITSJAREN DELTEK PÅ SOLIDARITETSKONSERT
Ei gruppe samfunnsengasjerte årdøler har teke initiativ til å halde solidaritetskonsert for Lærdal Sjukehus. Øvre Årdal Janitsjarkorps deltek på konserten som finn stad i samfunnshuset i Øvre den 2.mars kl 19:00. Ein kan lesa meir om konserten på Porten
Les mer...
|
Kulturkveld med kordebut
Tysdag 8. februar arrangerer ØÅJ igjen kulturkveld med mykje godt lokalt kulturstoff. Det som blir spesielt spanande denne gongen er det nye damekoret Ko(r) Moro. Dette er ein sangglad gjeng som aldri har hatt opptreden tidlegare. Dei seier dei legg like mykje vekt på det sosiale som det musikalske, men har no øvd inn fleire popmelodiar som vil bli presentert på kulturkvelden. Dirigent for koret er Mona Øren. Velkjende Årdalskoret, med dirigent Bjarne Øren, og dansegruppa til Årdal kultur og musikkskule med leiar Cecilie Hammer har også takka ja til å ha innslag.
Les mer...
|
Medlemskontingent for 2010/2011
Laila minner oss om at tida er inne for å betala medlemskontingent for 2010/2011 Under Intern medlemsinformasjon kan ein finne kor det skal betalast, og kor mykje.....
Les mer...
|
Dommarkommentarar frå Nord-Vestmeisterskapet 2010
Det er no mogeleg å lese kva dommarane meinte om korpset si framføring av DÅM i Nord-Vestmeisterskapet 2010 på Sandane. Her er mykje skryt og litt konstruktiv kritikk. Med andre ord; Godt lesestoff! Kommentarane er å finne under Intern medlemsinformasjon
Les mer...
|
Dette biletet og mange fleire breie smil........
...... er å finne i Janitsjaren sitt fotoalbum. Set "Landscape" cd-en i anlegget, len deg tilbake og bla igjennom bileta i fotoalbummet. Då skal du sjå at den gode stemninga frå konserten med Ole Edvard kjem sigande tilbake. God fornøyelse !
Les mer...
|
Støttemedlemskap - 2011
Synes du Øvre Årdal Janitsjarkorps er gode ambassadørar for Årdal? Kva hadde vel 1. og 17. mai vore utan korpsa i bygda vår? Men korps er så mykje, mykje meir, og det krev eindel økonomi. Det er no mogeleg å registrera støttemedlemskap i ØÅJ. Du får då 20% rabatt på alle konsertar/tilstellingar der Janitsjaren er arrangør. Me ynskjer alle velkomen med på laget. Snakk med ein av medlemane, eller stikk innom Laila i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Les mer...
|

Grasrotandelen - Norsk tipping
Fra 1. mars 2009 kan du som spelar hjå Norsk Tipping velge eit lag eller ein organisasjon som skal motta inntil 5% av speleinnsatsen din. Me sender ein stor takk til alle som vel å støtta oss i ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS!
Les mer...
|

Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
Laurdag 12. juni hadde korpset konsert med Ole Edvard Antonsen i samband med Fjord til Fjell festivalen på Årdalstangen. Dagen før hadde me tre timar med øving saman med den verdskjende trompetisten. Helga vart ei stor oppleving for korpset. Sissel har oppsummert helga her.
Les mer...
|
Reisebrev frå NM
Janitsjaren opna 19. mars NM for janitsjarkorps i Trondiheim. DÅM vart framført i sin heilheit til ståande applaus. Etterpå deltok korpset i konkurransen for første gong med tre satsar frå DÅM. Korpset fekk ein flott 4. plass i 5. divisjon med 92 poeng. Sigyn vann divisjonen sin solistpris. Her følgjer eit reisebrev frå Christine om korleis ho opplevde turen til Trondheim. Medlemane kan lesa dommarkommentarane under intern medlemsinformasjon.
Les mer...
|
ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
For fyrste gong inviterer NMF i år til ein opningskonsert under årets NM for janitsjarkorps. Øvre Årdal Janitsjarkorps er tildelt dette historiske oppdraget. Me har fått den store æra og gledar oss til framføre bestillingsverket vårt ”DÅM”
Les mer...
|
Stemningsfull adventskonsert i Farnes kyrkje
Det er alltid moro å gjera noko i lag med andre! Dette var ein av grunnane for at me snudde litt om på den tradisjonelle kulturkvelden vår og gjekk i lag med Årdal Gospelkor for å laga adventskonsert fyrste søndag i advent. Me hadde eit ynskje om å skapa gode stemningar som folk skulle ta med seg inn i ei travel tid framover mot jul. Og stemning vart det!
Les mer...
|
Øvingshelg med meirsmak!
Fredag 30.10 og laurdag 31.10 hadde me seminar med Jan Roger Øren, Per Hillestad og Tom Erik Antonsen. Det var ei svært vellukka helg. Klarinettist Helge Kleiva oppsummerer her øvingshelga.
Les mer...
|
Draumen vår vart verkeleg !!!
Annakvart år vert det plukka ut 3 korps i landet som kan få moglegheiten til å setja opp sitt "DRØM"-prosjekt, og Øvre Årdal Janitsjarkorps var ein av dei heldige vinnarane!!! Me framførde bestillingsverket "DÅM" v/Utladalen Naturhus Laurdag 23.mai kl 17.00. Ein eventyrleg og strålande dag for både publikum og utøvarar.
Les mer...
|
TUSEN TAKK til Sunde Gjenvinning, Multi Elektro og YIT.
Øvre Årdal Janitsjarkorps vil retta ei stor takk til våre nye støttespelarar som har sponsa oss med nye konsertstativ og lys. Desse skal innviast på kulturkvelden i kyrkja 22.april.
Les mer...
|
Ei stor TAKK til Skrivargarden
Øvre Årdal Janitsarkorps vil takka Olav Aga og Skrivargarden for all hjelp og støtte med kopiering av notar og anna papirarbeid dette semesteret. Me set stor pris på at Skrivargarden vil vera med på "laget vårt" vidare òg.
Les mer...
|
TUSEN TAKK til Ole Vidar Øren
Ole Vidar Øren ynskte å bidra med "nokre kroner" til Janitsjar'n, som han sa sjølv. Det resulterte i at han sponsa oss med ein ny klarinett. Me vil senda ei stor TAKK !!!
Les mer...
|
Samarbeidet er i gang...
Sparebanken Sogn og Fjordane og Øvre Årdal Janitsjarkorps inviterte til konsert i Farnes kyrkje onsdag 12.nov. Konserten markerte starten på samarbeidet mellom korpset og banken. "Sparebanken Sogn og Fjordane syter for pengane, og Øvre Årdal Janitsjar for musikken. Eit samarbeid begge meiner dei vil ha stor nytte av", skriv Porten.no i sin omtale av konserten For korpset var dette generalprøve før Fylkesmeiserskapet i Måløy laurdag 15.nov. "Link" deg vidare til vår hovudsponsor.
Les mer...
|
ØÅJ fekk to prisar i Måløy !!!
Øvre Årdal Janitsjarkorps tok sigeren i janitsjarklassen på den aller siste fylkesmesterskapen for amatørkorps i Sogn og Fjordane. I tillegg til den gjeve fyrsteplassen fekk me òg underhaldningsprisen, noko som var svært overraskande.
Les mer...
|