Skotårskonsert
Øvre Årdal Janitsjarkorps hadde gleda av å vera gjester då Farnes Skulemusikk skipa til Skotårskonsert i Farnes Kyrkje. Porten har formidla inntrykka etter konserten på ein glimrande måte. Les her kva dei skriv
Porten
Les mer...
|
Godt nytt år!
Øvre Årdal Janitsjarkorps vil med dette ynskje alle våre sponsorar og vårt trufaste publikum eit riktig godt nytt år! Me vil og samtidig takke for all støtte i året som har gått. Det blir mykje å gle seg til i vårsesongen 2012. Det fyrste som står på programmet er skotårskonsert i slutten av februar, men seinare på våren vil det og skje spanande ting. Det er berre å følgje med:-)
Les mer...
|
Romjulsfesten 30.desember 2011
I år blir janitsjaren sin romjulsfest arrangert som ein "venners venners-fest" der ein må ha meldt seg på på førehand. Ta kontakt med Laila Ruud for å høyre om det framleis er ledige billettar att. Musikk er "Robert og Odd2re", og aldersgrense er 25 år. Dørane blir lukka klokka 22:30. Namnelister over påmelde ligg i døra. Det er sjølvsagt ikkje lov å ha med medbrakt drikke.
Les førehandsomtale på Porten Porten
Les mer...
|
Kulturkveld med fin julestemning.
Måndag kveld midt i den travlaste julestrida sto Øvre Årdal janitsjarkorps for ein stemningsfull kulturkveld i kyrkja. Det stimla til med folk i god tid og ei omlag fullsett kyrkje med foreldre, besteforeldre og andre fekk ein god porsjon med julestemning med seg heim.
Les mer...
|
Julegateopning
Janitsjaren stilte også i år på julegateopninga på torget i Øvre Årdal. I år var det stor deltaking og janitasjaren spelte tradisjonelle julesongar i lag med Farnes Mannskor. Dette gav ei god ramme rundt arrangementet og folk såg ut til å ha det kjekt.
Les mer...
|
Gratulerer til Anita og Tom!
På den spesielle datoen 11.11.11 vart Anita, fast medlem i klarinettbuketten, og Tom foreldre til ein skjønn liten gut. Janitsjaren sender sine varmaste gratulasjonar og håpar at mor og son snart blir å sjå på øving!
Les mer...
|
Konserten på ÅBO 7. november er utsett
Den planlagde konserten på ÅBO fyrstkomande måndag 7.november er utsett til over nyttår. Det blir i staden halde gruppeøvingar. Messinggruppa har fyrste økt frå 18:00 til 19:15. Treblåsegruppa etter pause.
Les mer...
|

Kulturveke i Farnes Kyrkje
Det er etterkvart vorte ein tradisjon med kulturveke i Farnes kyrkje kvar haust. Måndag er korpsmusikken sin dag og janitsjaren er ein av dei faste gjestene. Programmet vårt hadde også denne gongen stor spennvidde. Korpset hadde fyrst eit fellesnummer med Farnes skulemusikk. Dei svært så unge musikantane hadde verkeleg fått god tek på instrumenta sine. Deretter vart eigen avdeling innleia med med OL fanfaren "Winter games", vidare "The midnight sun will never set", "Ut på tur", "Lite bane", "Chimes-blues" og til slutt "Champagne-galopp". Sigyn og Helge Magne var solistar i sikker og kjend stil. Sogndal Storband avslutta konsertkvelden i kyrkja. Underteikna hadde gleda seg spesielt til dette, og vart slett ikkje skuffa. Storbandet med songsolist Odrun Ugulsvik Myklebust imponerte verkeleg!
Les mer...
|
Janitsjaren skapte god stemning under Haustmyldringa
Øvre Årdal Janitsjarkorps var så absolutt med på å gjere Haustmyldringa i Øvre Årdal til eit vellukka arrangement. Korpset stilte opp utanfor gamelskulen og diska opp med lettfatteleg musikk som " Fly me to the moon" , "Big Spender", "Champagnegaloppen" og mange mange fleire. Publikum likte det dei høyrde og gav oss mange gode tilbakemeldingar. Me stiller gjerne opp til neste år og!
Les mer...
|

Haustmyldring
Janitsjaren spelar på haustmyldinga i Øvre laurdag 1. oktober. Me spelar på torget frå kl 13:00 og utover. Me lovar lett og lystig musikk som garantert får deg i godt humør!
Les mer...
|
ÅRSMØTE i Øvre Årdal janitsjarkorps
Det blir helde årsmøte måndag 26. september etter den ordinære korpsøvinga. Møtet finn stad i eitt av lokala til Farnes Kyrkje. Enkel servering. Velkomen til både aktive og passive medlemmer!
Les mer...
|
Sesongstart måndag 29. august 2011
ØÅJ startar oppatt med øving måndag 29. august kl 18:00 - 20:30. Leiar Bente Kvåle ynskjer gamle og nye medlemmer velkomen til ein ny sesong som kjem til å by på mange spanande arrangement. Korpset held fram med å ha øvingane i Farnes Kyrkje.
Les mer...
|
Tjuvstarta sesongen
Ei gruppe frå janitsjaren varta opp med fanfare under åpninga av "Olsenbana" tysdag kveld. Det er kjekt at korpset har evne til å stille opp på slike arrangement sjølv om sesongen formelt ikkje er i gang. Vel blåst!
Les mer...
|
HELGE HAR ORDET
Vår kjære dirigent har på "redaksjonen" si oppfordring skrive nokre ord om sesongen som no er avslutta. Helge fokuserer alltid på det positive og han gir korpset mange gode ord som kvar og ein kan ta med seg på ferie. Han ser allereie fram til neste sesong, og det gjer alle me andre òg! Les meir om kva Helge skriv:
Les mer...
|

KNALLKONSERT MED BRAZZ BROTHERS
Her kan ein lesa Porten sin reportasje frå den fenomenale konserten Øvre Årdal Janitsjarkorps hadde med Brazz Brothers søndag 29.mai. Porten
Les mer...
|

Janitsjaren og The Brazz Brothers
Eit år har gått sidan den store konserten med Ola Edvard Antonsen og no får janitsjaren igjen storfint besøk . Denne gongen er det The Brazz Brothers. Brazzbrødrene skal ha øvingshelg med korpset og dei avsluttar med ein felles konsert i samfunnshuset søndag den 29.mai klokka 18:00. Thomas Nordheim Moen og Kjetil Ellingsen er gjesteartistar under konserten. All honnør til dirigent Helge som stadig tilfører korpset nye inspirerande opplevingar! Ein kan lesa meir om konserten på Porten Porten
Les mer...
|
Konglesykkeldag i Årdal torsdag 26.mai
Øvre Årdal Janitsjarkorps bilr å sjå og høyre på Kongelsykkeldagen til Sparebanken Sogn og Fjordane. Korpset spelar på torget i Øvre Årdal klokka 17:00. Sparebanken Sogn og Fjordane er hovudsponsor for ØÅJ
Les mer...
|
JANITSJAREN DELTEK PÅ SOLIDARITETSKONSERT
Ei gruppe samfunnsengasjerte årdøler har teke initiativ til å halde solidaritetskonsert for Lærdal Sjukehus. Øvre Årdal Janitsjarkorps deltek på konserten som finn stad i samfunnshuset i Øvre den 2.mars kl 19:00. Ein kan lesa meir om konserten på Porten
Les mer...
|
Kulturkveld med kordebut
Tysdag 8. februar arrangerer ØÅJ igjen kulturkveld med mykje godt lokalt kulturstoff. Det som blir spesielt spanande denne gongen er det nye damekoret Ko(r) Moro. Dette er ein sangglad gjeng som aldri har hatt opptreden tidlegare. Dei seier dei legg like mykje vekt på det sosiale som det musikalske, men har no øvd inn fleire popmelodiar som vil bli presentert på kulturkvelden. Dirigent for koret er Mona Øren. Velkjende Årdalskoret, med dirigent Bjarne Øren, og dansegruppa til Årdal kultur og musikkskule med leiar Cecilie Hammer har også takka ja til å ha innslag.
Les mer...
|
Medlemskontingent for 2010/2011
Laila minner oss om at tida er inne for å betala medlemskontingent for 2010/2011 Under Intern medlemsinformasjon kan ein finne kor det skal betalast, og kor mykje.....
Les mer...
|
Dommarkommentarar frå Nord-Vestmeisterskapet 2010
Det er no mogeleg å lese kva dommarane meinte om korpset si framføring av DÅM i Nord-Vestmeisterskapet 2010 på Sandane. Her er mykje skryt og litt konstruktiv kritikk. Med andre ord; Godt lesestoff! Kommentarane er å finne under Intern medlemsinformasjon
Les mer...
|
Dette biletet og mange fleire breie smil........
...... er å finne i Janitsjaren sitt fotoalbum. Set "Landscape" cd-en i anlegget, len deg tilbake og bla igjennom bileta i fotoalbummet. Då skal du sjå at den gode stemninga frå konserten med Ole Edvard kjem sigande tilbake. God fornøyelse !
Les mer...
|
Støttemedlemskap - 2011
Synes du Øvre Årdal Janitsjarkorps er gode ambassadørar for Årdal? Kva hadde vel 1. og 17. mai vore utan korpsa i bygda vår? Men korps er så mykje, mykje meir, og det krev eindel økonomi. Det er no mogeleg å registrera støttemedlemskap i ØÅJ. Du får då 20% rabatt på alle konsertar/tilstellingar der Janitsjaren er arrangør. Me ynskjer alle velkomen med på laget. Snakk med ein av medlemane, eller stikk innom Laila i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Les mer...
|

Grasrotandelen - Norsk tipping
Fra 1. mars 2009 kan du som spelar hjå Norsk Tipping velge eit lag eller ein organisasjon som skal motta inntil 5% av speleinnsatsen din. Me sender ein stor takk til alle som vel å støtta oss i ØVRE ÅRDAL JANITSJARKORPS!
Les mer...
|

Konsert og øvingshelg med Ole Edvard Antonsen
Laurdag 12. juni hadde korpset konsert med Ole Edvard Antonsen i samband med Fjord til Fjell festivalen på Årdalstangen. Dagen før hadde me tre timar med øving saman med den verdskjende trompetisten. Helga vart ei stor oppleving for korpset. Sissel har oppsummert helga her.
Les mer...
|
Reisebrev frå NM
Janitsjaren opna 19. mars NM for janitsjarkorps i Trondiheim. DÅM vart framført i sin heilheit til ståande applaus. Etterpå deltok korpset i konkurransen for første gong med tre satsar frå DÅM. Korpset fekk ein flott 4. plass i 5. divisjon med 92 poeng. Sigyn vann divisjonen sin solistpris. Her følgjer eit reisebrev frå Christine om korleis ho opplevde turen til Trondheim. Medlemane kan lesa dommarkommentarane under intern medlemsinformasjon.
Les mer...
|
ØÅJ opnar NM for Janitsjarkorps i Trondheim.
For fyrste gong inviterer NMF i år til ein opningskonsert under årets NM for janitsjarkorps. Øvre Årdal Janitsjarkorps er tildelt dette historiske oppdraget. Me har fått den store æra og gledar oss til framføre bestillingsverket vårt ”DÅM”
Les mer...
|
Stemningsfull adventskonsert i Farnes kyrkje
Det er alltid moro å gjera noko i lag med andre! Dette var ein av grunnane for at me snudde litt om på den tradisjonelle kulturkvelden vår og gjekk i lag med Årdal Gospelkor for å laga adventskonsert fyrste søndag i advent. Me hadde eit ynskje om å skapa gode stemningar som folk skulle ta med seg inn i ei travel tid framover mot jul. Og stemning vart det!
Les mer...
|
Øvingshelg med meirsmak!
Fredag 30.10 og laurdag 31.10 hadde me seminar med Jan Roger Øren, Per Hillestad og Tom Erik Antonsen. Det var ei svært vellukka helg. Klarinettist Helge Kleiva oppsummerer her øvingshelga.
Les mer...
|
Draumen vår vart verkeleg !!!
Annakvart år vert det plukka ut 3 korps i landet som kan få moglegheiten til å setja opp sitt "DRØM"-prosjekt, og Øvre Årdal Janitsjarkorps var ein av dei heldige vinnarane!!! Me framførde bestillingsverket "DÅM" v/Utladalen Naturhus Laurdag 23.mai kl 17.00. Ein eventyrleg og strålande dag for både publikum og utøvarar.
Les mer...
|
TUSEN TAKK til Sunde Gjenvinning, Multi Elektro og YIT.
Øvre Årdal Janitsjarkorps vil retta ei stor takk til våre nye støttespelarar som har sponsa oss med nye konsertstativ og lys. Desse skal innviast på kulturkvelden i kyrkja 22.april.
Les mer...
|
Ei stor TAKK til Skrivargarden
Øvre Årdal Janitsarkorps vil takka Olav Aga og Skrivargarden for all hjelp og støtte med kopiering av notar og anna papirarbeid dette semesteret. Me set stor pris på at Skrivargarden vil vera med på "laget vårt" vidare òg.
Les mer...
|
TUSEN TAKK til Ole Vidar Øren
Ole Vidar Øren ynskte å bidra med "nokre kroner" til Janitsjar'n, som han sa sjølv. Det resulterte i at han sponsa oss med ein ny klarinett. Me vil senda ei stor TAKK !!!
Les mer...
|
Samarbeidet er i gang...
Sparebanken Sogn og Fjordane og Øvre Årdal Janitsjarkorps inviterte til konsert i Farnes kyrkje onsdag 12.nov. Konserten markerte starten på samarbeidet mellom korpset og banken. "Sparebanken Sogn og Fjordane syter for pengane, og Øvre Årdal Janitsjar for musikken. Eit samarbeid begge meiner dei vil ha stor nytte av", skriv Porten.no i sin omtale av konserten For korpset var dette generalprøve før Fylkesmeiserskapet i Måløy laurdag 15.nov. "Link" deg vidare til vår hovudsponsor.
Les mer...
|
ØÅJ fekk to prisar i Måløy !!!
Øvre Årdal Janitsjarkorps tok sigeren i janitsjarklassen på den aller siste fylkesmesterskapen for amatørkorps i Sogn og Fjordane. I tillegg til den gjeve fyrsteplassen fekk me òg underhaldningsprisen, noko som var svært overraskande.
Les mer...
|